Hopp til innhold

Flesland opna att

Det store snøfallet i natt- og i morgontimane gjorde at flyplassen måtte stenge onsdag morgon.

Snø Flesland
Foto: Pål Bentdal

- Problema starta med nokre snøfonner som utgjorde ein stor sikkerhetsrisiko, fortel Terminalsjef ved Flesland lufthamn, Alf Sognefest.

Flesland lufthamn stengde ca kvart over seks onsdag morgon. Store brøytemannskapar har vore ute å rydda.

Flyplassen var dermed stengd i ei svært hektisk tid på morgonen.

Forseinkingar

- Det er ikkje til å kome vekk frå forseinkingar i dag, men vi satsar på at det ikkje blir altfor lenge, seier Sognefest.

Ingen flyavgangar vart innstilt.

Det første flyet skulle gå til København klokka seks, vart omlag 1,5 time forseinka. Flyplassen opna opp att onsdag morgon klokka 07.20.