Hopp til innhold

137 millionar til gigantmølle

Bergensselskap får millionstøtte frå staten til gigantmølla i Øygarden.

Vindmølle
Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Det vart i dag kjend at Enova vil støtte det bergensbaserte selskapet Sway med 137 millonar kroner for å byggje ei 160 meter høg vindmølle i Øygarden.

– Eg kjem nettopp frå pressekonferanse i Oslo med ministeren til stades. Og det seier jo eigentleg alt om kor mykje styresmaktene satsar på å få fram teknologi som er framtidsretta for offshore-installasjonar. Og med framtidsretta meiner me rimeleg straumproduksjon, seier finansdirektør i Sway, Michal Forland.

LES ÒG: Slik vil vindmølla sjå ut

Skal fyrst testast

Sway har fått konsesjon for å installere vindmølleturbinen for å teste den ut i full skala. Sjølve byggjinga startar til sommaren, og vindmølla skal setjast opp seint i 2011. Då skal dei ha to år med testing, før dei skal setje i gong kommersiell produksjon av straum.

– Det er klart det vil ha noko å seie for arbeidsplassar i Vest. Me må hugse at dette er ein testturbin, og me må sjå fyrst korleis den fungerer i forhold til dei berekningane som me har gjort på førehand. Men det er klart at når dette tydeleg verker, vil det ha mykje å seie for arbeidsplassar òg på vestlandet, seier Forland.

DISKUTÉR: BØR DET BYGGJAST VINDMØLLER I ØYGARDEN?

Avhengig av støtte

Forland trur ikkje det hadde vore mogleg å gjennomføre prosjektet utan støtte frå staten.

– Dette er store, dyre prosjekt. Heile kostnaden, inkluder utvikling, er jo 400 millionar. Så det seier jo seg sjølv at eit relativt lite selskap som Sway ikkje har finansiell styrke til å gjere dette på eigen kjøl. Så desse midlane frå Enova er heilt avgjerande.

– Spennande prosjekt

– Enova er opptatt av å løfte fram prosjekt som kan ta oss nærare målet om kommersiell produksjon av offshore vindkraft. Dette konkrete prosjektet ser me som svært spennande, sier Nils Kristian Nakstad administrerende direktør i Enova i ei pressemelding.