Hopp til innhold

Fiskedød skuldast dykkarsjuke

Oppsiktsvekkjande funn etter stor fiskedød i Matre-elva i Hordaland.

Sjøørret
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Det var i haust at fleire titals sjøaure vart funnen flytande i med buken i vêret i

Matreelva i Masfjorden kommune.

No er den oppsiktsvekkjande dødsårsaka klar.

Fann mykje daud fisk

Det var i slutten av oktober at ein gjeng på sauesanking kom over fisken, oppe ved ein liten kraftstasjon.

- Det var mest småfisk vi fann, både elveaure og sjøaure, men det var såpass mange daude fiskar at eg tok kontakt med fiskeforvaltar Atle Kambestad hjå Fylkesmannen i Hordaland, seier Arnold Matre til Avisa Nordhordland. .

Og forklaring frå Fylkesmannen fekk dei.

Dykkarsjuke

Fisken måtte nemleg bøta med livet grunna dukkarsjuke. Det vesle kraftverket ved sida av elva skapar ei overmetting av gass i vatnet.

Dette skuldast i følgje forskarane ved Uni Miljø at rista der vatn vert suge inn i kraftverket, enkelte gongar har gått tett. Når dette har skjedd har luft vorte suge inn saman med vatnet. Den ekstra lufta har ført til gassovermettinga i vatnet.

Når fisken får denne gassen i blodet oppstår tilstanden tilnærma dykkarsjuke, skriv avisa.

Av dei beste elvene i Hordaland

BKK lovar no å syta for å halda rista ved vassinntaket rein.

Matreelva er ei svært populær fiskeelv og var den beste i heile Hordaland i 2008.