Hopp til innhold

Slit med seinskader etter ulykka

- Mange fleire enn eg trudde har problem med seinskader etter Sleipner-forliset, fortel leiaren i støttegruppa.

Video nsps_upload_2009_11_18_22_14_33_746.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tove Følid, som leier støttegruppa etter Sleipner-ulykka, stadfestar at mange av dei 69 personane som overlevde Sleipner-forliset, framleis har problem med seinskader.

Følid meiner styresmaktene har fulgt opp dei overlevande og etterlatte for dårleg. Ho meiner seinskadene må kartleggjast.

– Svært mange. Faktisk mange fleire enn eg trudde slit med seinskader. Styresmaktene burde setja igang ei seinskade-undersøking. Det er viktig både for å kjenna til omfanget av skader, og i høve framtidige ulukkar, meiner ho.

Måtte gje opp jobben

Svein Kåre Gunnarson frå Stord overlevde forliset ved Ryvarden fyr i Sveio den 26. november 1999. Men dei dramatiske timane sette sine spor.

- Eg fungerer ikkje sånn som eg gjorde før. Eg har problem med konsentrasjon, at eg fort blir trøtt, og at eg frys veldig lett uansett kor varmt det er, fortel Gunnarson, som til slutt måtte gje opp jobben.

Han har kjempa ein lang kamp for å få erstatning, og går no til retten for å få det. Gunnarson meiner ei undersøkjing av omfanget av seinskader ville gjort kampen for erstatning enklare.

- Saman kunne vi stått sterkare i erstatningssaka, meiner han.

(Saka fortset under bilete.)

Sleipner blir hevet i 2000

OPP FRÅ DJUPET: Nesten eitt år etter forliset i november 1999 blei havaristen heva frå havbotnen i august 2000.

Foto: Alf Ove Hansen / Scanpix

- Søk om pengar!

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress har forska på etterverknader etter fleire kriser. Krisepsykiater Lars Weisæth ved senteret meiner det hadde vore nyttig å sjå nærare på Sleipner-ulukka.

- Dette var jo en ny form for transportulykke, som vi veit lite om langtidsfølgene av, seier Weisæth, som råder støttegruppa til å søkja staten pengar til ei slik undersøking.

- Det er eit godt utgangspunkt for forskning når det er dei som blei råka sjølv som kjenner eit behov for å læra meir om korleis det har gått med kvarandre, meiner han.