Hopp til innhold

Smalahoveborn finpussar teknikken

8-åringar på Voss veit korleis dei skal svi ull og kløyva hjernar.

Video nsps_upload_2009_10_20_18_32_37_4348.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Det er litt ekkelt når me skal kløyva av hjernen og sånn, seier Arnstein Jordalen på 8 år.

Men før han kløyver hovudet må all ulla sviast vekk.

- Tunga, augo og kjaken er det beste, syns Arnstein.

Mat for tøffingar?

Jobben er i allefall ikkje for pyser. Men alle tøffe har jo òg mjuke sider.

- Eg syns litt synd på sauen, det er berre eit hovud igjen, seier Silje Herheim på 8 år.