Hopp til innhold

Ny filmfestival for ungdom

BIFF og Os Internasjonale Filmfestival er ikkje nok. Ungdom på Vestlandet vil ha sin eigen festival.

Camilla Rønnestad og Johanne Magnus
Foto: Privat

Johanne Magnus og Kamilla Rønnestad er leiar og nestleiar i Vestlandet sin fyrste filmfestival for unge filmskaparar, Ung Film. Dei hevdar det er eit sårt tiltrengt tilbod.

- Det er lite av det her i Noreg, og me merkar behovet, seier dei.

Ung Film skal innehalde både arbeidsverkstad, seminar og eit filmprogram beståande av innsendte filmar frå ungdom mellom 13 og 25 år.

Med hjelp frå kommunen

Det var Bergen kommune som tok initiativet til det som blir Noreg sin tredje filmfestival for ungdom, men etterkvart må dei stå på eigne bein.

- Me har jo på ein måte alt lausrive oss frå kommunen. Det einaste me får er økonomisk støtte. Det er absolutt ungdom og ungt engasjement som har drive dette framover, seier festivalleiinga.

Høge ambisjonar

Sjølv om det berre er ein og ein halv månad att til premiere, har jentene tankane fleire år fram i tid, og ambisjonane er høge.

- Me håpar at me veks litt for kvart år, og at me vil kunne utvide i både sjangrar og i variasjon i filmane.

Med internasjonale samarbeidspartnarar i ruggen håpar dei på å kunne vere av interesse for filmmiljøet i heile verda.

- Til neste år er det ingen som spør kven me er, ler jentene.

Filmfestivalen har premiere 4. september i haust.