Hopp til innhold

Fyll øydelegg fjellidyll

Otto Inge Molvær brukar ikkje lenger Turistforeningen sine hytter. Årsaka er fyllebråk i gangane.

Øl i sola

Høyrer alkohol og natur saman? Fleire turgåarar seier nei.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

- For nokre år sidan tok eg til å bu i telt i staden for å bu på Turistforeningen sine hytter, fortel den erfarne fjellvandraren Otto Inge Molvær frå Førde i Hordaland.

Han opplevde fleire gonger bråk frå gjester som hadde fått for mykje alkohol innabords. Dette var ei medverkande årsak til at Molvær avgjorde å ikkje lenger bruka hyttene.

Telt-tur

Eit telt vart løysinga for Otto Inge Molvær.

Foto: Jan-Magne Jensen

Lesarbrev mot fyll

I dei tre siste nummera av Turistforeningen sitt interesseblad, Fjell og Vidde, har turgåarar diskutert bråk og fyll på hyttene.

- Eg vonar at Turistforeningen vil ta grep for å redusera støy og festing som øydelegg andre gjester sin trivsel og nattesøvn på hyttene, skriv ein kvinneleg turgåar i lesarbrevspalta.

Fjell og Vidde

I det siste nummeret stør Otto Inge Molvær opp om alkodebatten på Turistforeningen sine hytter.

Foto: Den Norske Turistforening

Ein svensk turgåar starta debatten i Fjell og Vidde før sommaren. I septembernummeret gav hordalendingen Otto Inge Molvær si støtte til dei fortvila turgåarane.

- Ikkje alle hyttene var like ille, men nokre stader var det så mykje bråk at eg hadde store problem med å få sova, seier Molvær til NRK Hordaland.

Telt i tilfelle

Etter ei dårleg oppleving tok han med seg telt som reserveløysing. Og då natteroen aldri kom til den aktuelle turisthytta, evakuerte Molvær like godt ut. Her slo han opp teltet i passeleg avstand frå bråket på turisthytta.

Han håpar no Turistforeningen vil ta grep mot fyllestøyen.

- Eg kan ikkje sjå poenget med å ha slike festar til fjells. I fjellet skal det vera roleg og fredeleg tykkjer eg, seier han.

Det er dei betjente hyttene med skjenkeløyve dei tre fjellvandrarane er kritiske til. Til desse hyttene er det ofte enkelt tilkomst med bil.

Kjende med problematikken

To av hyttene i Noreg som har alkoholservering er Preikestolen Fjellstue og Haukeliseter Fjellstue, som begge er eigde av Stavanger Turistforening.

Begge vedgår at det kan bli høglytt i gangane på hyttene.

- Me hadde ein klage på støy no i haust, seier dagleg leiar for Preikestolen Fjellstue, Hilde Trøen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Preikestolhytta

Preikestolen Fjellstue har opplevd bråk på hytta.

Foto: Den Norske Turistforening

Stavanger Turistforening fekk skriftleg klage etter hendinga. Trøen meiner likevel ikkje alkohol og støy er eit stort problem i fjellet.

- Eg opplever at dei fleste er trøytte og vil leggja seg etter lange dagar på tur, seier ho til NRK Hordaland.

På Haukeliseter har dagleg leiar Oskar Åslund opplevd at lag og bedrifter på tur har skapt støy i fjellstova.

Haukeliseter Fjellstue

Haukeliseter Fjellstove er av hyttene med skjeking.

Foto: Den Norske Turistforening

- Me freistar å plassera lag og bedrifter skilt frå vanlege turgåarar på huset, seier Åslund.

Dei har fått klager på bråk i samband med alkohol. For å bøta på problemet går dei stadig gjennom rutinane sine saman med personalet for å minna om kva rom som er mest utsette for støy frå baren og kvar lag og bedrifter på tur bur.

- Eigentleg skal det vera stilt på hyttene klokka 23.00. Men dersom ein er innstilt på at det skal vera heilt stilt då, kan ein nok lett bli irritert, vedgår Åslund.

Ikkje eit problem

Kommunikasjonssjef i Den Norske Turistforening, Merete Habberstad, fortel at Turistforeningen har registrert at turgåarar diskuterer alkoholkonsum på hyttene.

- Men me har berre fått ein formell klage i år, og kjem ikkje til å gjera noko med dette, seier ho.

Turistforeningen har servert alkohol på utvalde hytter i over 140 år, og dette kjem ikkje til å endra seg.

Rødvin

Den Norske Turistforening sel meir vin enn før. Og planlegg ikkje å kutta ut skjenking på hyttene.

Foto: www.colourbox.com

- Me har veldig mange hytter utan skjeking. Dersom nokon tykkjer det er bråkete, kan ei ubetjent hytte vera eit alternativ, konstaterer Habberstad.