Hopp til innhold

Håpar på fusjon

Dei tilsette i busselskapet Gaia håper politikarane seier ja til fusjon med HSD.

Gaia buss i Bergen sentrum
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Måndag avgjør Bystyret i Bergen framtida til busselskapet Gaia.

Det pågår no ein politisk dragkamp mellom dei ulike partia om det blir fusjon mellom HSD og Gaia.

Dei tilsette i Gaia meiner fusjon er det beste.

På pinebenken

Uvissa om kommunepolitikarane vil vende tommelen opp eller ned for ein fusjon er stor. Dei tilsette i Gaia sit på pinebenken. For dei handlar det først og fremst om å trygga arbeidsplassar. Bjørn Furnes er nestleiar i Bergen sporveisfunksjonærers Forening fryktar alternativet - sal til eit utanlandsk selskap.

- Skal vi ha eit selskap her i Bergen så trur eg dette er vegen å gå. Om vi sel Bergen til eit utanlandsk selskap så vi er vi tapt. Da har vi ikkje noko igjen av det som ein gong var Bergen Sporveier.

- Har ikkje politikarane forstått det?

- Det har de vel gjerne, men om de tør å sei det er noko anna. Dei tenkar vel berre pengar, seier Furnes.

Fryktar oppkjøp

Eit eventuelt sal av Gaia kan gje eit pusterom for ein trong kommuneøkonomi, men bussjåfør Bjørn Einarsen meiner kommunepolitikarane i Bergen no må tenkja langsiktig.

- Eg meiner dei no må sjå lite granne lenger enn nesa rekk. Om dette blir så bra som dei snakkar om på sikt så kan det bli mykje verdi i aksjane dei har, trur Einarsen og legg til:

- Ein kan jo bli gamal og det er plagsamt, men så er jo ikkje alternativet så forferdelig kjekt.

Einarsen fryktar at eit oppkjøp av Gaia kan føre til at mange mistar jobben eller blir tilsett på andre betingelsar. Han håpar derfor på fusjon med HSD.

 

Stort selskap

Bergen eig saman med Os kommune 51 prosent av aksjane i Gaia. Blir det fusjon vil det nye selskapet bli eit av Norges største innan kollektivtransport. Tillitsvalt for dei verkstadtilsette i Gaia Bjarne Kaland kryssar fingrane, men er spent på utfallet.

- No er det veldig ope. Eg vel å tru at det blir ein fusjon. Det er viktig for arbeidsplassane fordi det no blir ein anbudsutsetting og da må vi vere stor og sterk. Vi skal konkurrera med store aktørar frå Europa.