Hopp til innhold

Rekord for 7-fjellsturen

Aldri før har så mange tatt turen over Bergen sine sju fjell. Nesten 8000 gjekk 7-fjellsturen!

8000 gjekk 7-fjellsturen

Folkemylder på veg opp mot toppen av Ulriken.

Foto: Sigurd Hamre

- Vêret er det beste i manns minne, og forholda er kjempegode, så eg trur deltakarane får ein utruleg fin tur i dag, seier Einar Johan Grieg i Bergen Turlag.

Faktisk er det så mange som deltar at arrangørane har brukt mykje lengre tid enn vanleg på å finna ut kor mange som faktisk er med.

- Normalt på denne tida brukar me å ha tala, men i dag har det tatt mykje lenger tid enn vanleg, seier Grieg.

Då NRK snakka med Grieg tidlegare i dag rekna han med at det var rundt 6000 som hadde gått turen.

- Eg reknar med at det rundt rekna er 4000 som har tatt heile turen, og omlag halvparten som har gått 4-fjellsturen, seier Grieg.

Men når alle deltakarane var registrert hadde talet komme opp i nærmare 8000. Heilt nøyaktig 7916 personar. Det er 3136 fleire enn i fjor. Også då vart det sett ny rekord.

7-fjellsturen går over alle dei sju offisielle fjella som omkransar Bergen:

  • Lyderhorn
  • Damsgårdsfjellet
  • Løvstakken
  • Ulriken
  • Fløyfjellet
  • Rundemanen
  • Sandviksfjellet

4-fjellsturen startar på Ulriken, og siste topp er Sandviksfjellet.

Eit lite problem

Bergen turlag er begeistra over at så mange deltek på 7-fjellsturen. Men det har også skapt eit aldri så lite problem for arrangørane.

- Det einaste problemet er at me er i ferd med å gå tom for t-skjorter. Me får fleire, men ikkje i dag, fortel Grieg til NRK Hordaland.

Dermed er det nok ein del som må venta på beviset på at dei har fullført turen.

8000 gjekk 7-fjellsturen

Ein pust i bakken før neste etappe.

Foto: Sigurd Hamre