Hopp til innhold

Permitteringsvarsel på Stord

Onsdag fekk dei tjue tilsette ved Stord lufthamn meldinga dei frykta.

Stord Lufthavn Sørstokken

På eit allmøte tysdag blei dei tilsette orienterte om situasjonen i verksemda.

Og situasjonen er ikkje lys.

Leiinga ved flyplassen har ikkje funne erstattar for Coast Air, som gjekk konkurs for ei veke sidan. Sidan Coast Air bukka under har all trafikk vore innstilt på Stord Lufthamn.

I slutten av februar

Det vert forhandla med to aktuelle verksemder. Men arbeidet tek lengre tid enn antatt. Mellom anna fordi samtlege flyselskap krev økonomiske garantiar for å starta opp flygingar.

- Eg håpar å ha ein avtale på plass i neste veke. Men oppstarten av regulære flygingar vil ikkje bli før i slutten av februar, seier flyplassjef Jan Morten Myklebust til NRK Hordaland.

Føre var

I dag blei det sendt ut permitteringsvarsel til dei tilsette i verksemda.

- Me hadde eit allmøte tysdag, og dei tilsette vil få eit permitteringsvarsel i dag. Det sender me ut for å vera føre var, og kan trekkja det tilbake, seier Myklebust.

 

Stord lufthavn
Foto: Arkivfoto / NRK