Hopp til innhold

Bokbåten er redda

Reaksjonane vart for sterke. Bokbåten Epos består.

Epos

REDDA: Bokbåten Epos stod i fare for å bli nedlagt. Men no har KrF bestemt seg for å gje den ein ny sjanse.

- Det er reaksjonar frå folk som gjer at vi no går inn for framleis å gje pengar til bokbåten, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF).

KrF gjekk opprinneleg inn for å leggje ned bokbåten, men reaksjonar frå mange ulike hald, blant anna forfattar Gunnar Staalesen, gjer at partiet no har snudd.

Reaksjonar

Rigmor Andersen Eide (KrF)
Foto: Trond Vestre / NRK

Leiar for fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal, Rigmor Andersen Eide (KrF), er ein av dei som reagerte.

I dag sa ho til NRK Hordaland at det ville vere svært uheldig om båtruta vart nedlagt.

Hordaland Frp sa før sitt gruppemøte i dag at dei ønskte å behalde båten, og no har dei altså fått gjennomslag for ønsket.

Glede ombord

Svein Ivar Vinnes
Foto: Sølve Rydland / NRK

Dagleg leiar Svein Ivar Vinnes i Skyssbåtservice som eig bokbåten, er strålande nøgd.

- Dette var utruleg, fantastisk flott, altså! Mot slutten av førre veke såg eg mørkt på det, men no blir det ei flott jul i år også, seier han.

Budsjettet skal behandlast i fylkestinget tysdag.