NSB vurderer å leggja ned billettsalet for å spara pengar.
Jernbanen er einaste transportmiddel til Finse, og no lagar hyttefolket og næringslivet eit opprop der dei protesterer mot planane.
- Dei som utfører billettsalet står også for heilt avgjerande andre tenester på Finse, seier Trygve Norman, som er styreleiar for Finse 1222.
- Sjølve livsnerva
Blant anna stoppar dei tog, og då godstog spesielt.
- Dette er livsnerva for både næringsverksemd og fastbuande på Finse, meiner Norman.
Dersom det blir slutt på billettsalet på Finse forsvinn altså dei tilsette, og med dei varelevering, post og anna.
Og utan varer blir det vanskeleg å oppretthalda drift og vedlikehald på blant anna Finsehytta, Finse 1222 og Rallarmuséet.
Fleire nyttar internett og telefon
Men informasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby seier NSB er nødt til å sjå på lønsemda.
- Kundane nyttar meir internett og kundetelefon no enn før, fortel han.
No i påsken er Finse eit mekka for mange skituristar. Det er omlag 120 hytter på Finse, og hotellet Finse 1222 er fullbooka denne veka.
Styreleiar Trygve Norman seier at ein stasjon med billettsal er eit vera eller ikkje vera for hotellet.
- Me vil då ikkje få levert gods til Finse, og eit hotell kan ikkje drivast ved hjelp av bæreposar som handlemåte. me får pallar med gods, og desse må me få levert av ansvarleg frå NSB, fortel han.
Leverer opprop
Hotelleiinga og hyttefolket skal no levera eit opprop til NSB.
Der ber dei om at selskapet ikkje legg ned billettsalet ved stasjonen, og at dei tilsette på den måten får bli.
NSB skal bestemme seg i løpet av året, og informasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby seier dei vil prøva å finna ei god løysing for Finsesamfunnet.
- Me må finna andre løysingar på Finse dersom billettsalet blir lagt ned. Me kan ikkje garantera noko, men me vil ta med alle argument når me no skal konkludera, seier han.