Hopp til innhold

Ikkje berre problemborn

Erkki og Linn Merethe skal gå opp den raude løparen på filmfestivalen i Os. Trass i at mange stemplar dei som problembarn.

Erkki Muhonen drøymer om å bli musikar

Erkki Muhonen er med i filmen 'Problembarna. Han drøymer om å leve av musikken.

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Dei to tjueåringane deler felles skjebne. Begge har vakse opp som barnvernsborn.

I dag er det premiere på Pål Winsents sin film "Problembarna", om deira liv etter fylte 18 år.

– Eg håper at det kan skape debatt om barnevern og ettervern, og at det kan ha noko å seie for dei som kjem etter oss.

Det seier Erkki Muhonen. I barndomen vandra han gatelangs i Oslo, med ei mor som ikkje var i stand til å ta seg av han.

No bur han på Lillehammer og drøymer om å leve som musikar.

Saman med Linn Merethe Terjesen og Pål Winsents vitjar han no Os. Dei skal kaste glans over premiera under Os Internasjonale Filmfestival.

– Filmen tek opp alle utfordringane vi møter, med å få ettervern og å ta vare på oss sjølve, seier Erkki.

Håpet er at filmen skal setje auka fokus på tiltak for tidlegare barnevernsborn.

Kvir seg til premieren

Pål Winsents fortel at det har vore lærerikt å kome så tett inn på desse ungdomane.

– Ein har mange fordommar mot barnevernsborn, men etter å ha blitt kjent med dei er imponert over kor reflekterte og modne dei er.

Han planlegg å halde kontakten med Erkki og Linn Merethe også no etter at filminnspelinga er over.

Arbeidet med "Problembarna" har opna augene hans for den vanskelege situasjonen deira. Winsents håper filmen vil ha ein effekt for å betre dette, men vågar ikkje å håpe på for mykje.

– Ein film kan ikkje gjere nokon konkret skilnad, men kanskje sette i gong ein debatt?

Kvir seg for den raude løparen
Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

For hovudpersonane er nervane i høgspenn før festpremieren. Linn Merethe skal gå i høghælte sko, noko ho føler ho burde ha øvd meir på.

– Eg kvir meg, seier ho. Eg skal gå i kjole, det hater eg og eg må gå med høge hælar. Det ser aldri bra ut.

Erkki slepp å teste balansen, men han skal spele gitar og synge før filmen blir vist.

– Det gleder eg meg som ein helt til!