Hopp til innhold

Ein smak av Bergen

Dei kjende bergenske fiskekakene skal frå i dag av produserast frå ny fabrikk i Godvik. Håpet er at fleire norske byar skal få ein smak av Bergen.

Øyvind Blom

NOREGS FISKEKAKEBY: – Dette er ein stor dag, seier dagleg leiar i Tre Søstre AS, Øyvind Blom.

Foto: Ann Kristin Rykke / NRK

Bergen er Noregs fiskekakeby, og i snart 80 år har folk her ete ferske fiskekaker i matpapir som andre et pølse i lompe. Både Madam Bergen og Søstrene Hagelin er i dag blitt landemerke i Bergen, og styrt av same selskap – Tre Søstre AS.

Dei siste vekene har tre Søstre flytta frå leigde lokalar i Sandviken til eigne fabrikklokalar i Godvik. Men onsdag er det offisiell opning av den nye fiskematfabrikken.

Vil distribuere til heile landet

– Dette er ein stor dag, seier dagleg leiar Øyvind Blom.

Han meiner dei nye fabrikklokala har opna ei heilt ny verd for dei.

- No er me herre i eige hus og har sjansen til å produsere fleire fiskekaker og fiskeprodukt, seier han.

Blom har tidlegare fått eksportert fiskevarene til forretningar i Oslo og håpar å få innpass i Stavanger ganske snart.

- Målet er å få distribuert produkta til dei fleste store byane i landet, seier han.

Utryddingstrua bransje

I dag er det få fiskematfabrikkar igjen på Vestlandet. Før kunne ein finne ein fabrikk på kvart eit nes, men i dag er det berre 3-4 fabrikkar igjen langs vestlandskysten.

- Det er ei stor hending. Det er ikkje kvart tiår det blir bygd ein ny fiskematfabrikk, seier Blom.

Merkevara Madam Bergen og Søstrene Hagelin skal utviklast. Men til alle fiskekakeelskarar lover han at oppskriftene ikkje skal forandrast på.