Hopp til innhold

Fleire tek abort heime

Heimeabortar er populært. 35 prosent av alle provoserte abortar i regi av Kvinneklinikken i Bergen vart i fjor utførde heime.

Forsøksordninga med heimeabortar har vore ein suksess, meiner medisinprofessor ved Universitetet i Bergen, Ole Erik Iversen, som er ein av intiativtakarane til ordninga.

Kvinneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus innførte tilbodet i mai 2006. Sidan den tid har altså 35 prosent av kvinne abortert heime.

- Det har overraska oss at det er såpass mange som ønskjer å gjennomføre aborten på ein slik måte, seier Ole Erik Iversen.

Mellom 20 og 40 prosent

Ein heimeabort går kort sagt ut på kvinna får medisin på sjukehuset, men er heime hos seg sjølv når blødninga kjem.

Abortpille
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Også Ullevål universitetssykehus og Førde sentralsjukehus har eit slikt tilbod til aborterande kvinner.

Oslo-sjukehuset starta med forsøksordninga i oktober i 2006. I desember var det 15 prosent som var heime siste del av aborten.

Klinikksjef ved kvinneklinikken ved Ullevål sjukehus, Bjørn Busund, trur endå fleire provoserte abortar i framtida vil skje i heimane til kvinnene.

- Heimeabortar vil kanskje utgjere mellom 20 og 40 prosent av alle abortar, men vi kan ikkje seie noko sikkert om det enno.

Helseminister Sylvia Brustad
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Fryktar reaksjonane i etterkant

Stortingsrepresentant frå Krf., Laila Dåvøy, har vore ein kritikar av ordninga heilt frå starten av.

Dåvøy viser til at nokre kvinner har fått blødningar og psykiske problem etter å ha gjort heimeabort.

Ho ønskjer også at ein skal undersøke korleis kvinnene reagerer i ettertid.

- Når dei er åleine i ein slik samanheng, fryktar eg om at reaksjonane kanskje vert sterkare, seier Dåvøy.

Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad vil innan kort tid ta stilling til om heimeabortordninga er komen for å vere i Noreg.

Brustad ventar berre på ein rapport frå Sosial- og helsetilsynet før ho kjem med konklusjonen sin.