Hopp til innhold

Oppryddinga kan ta eit halvt år

Det vil ta meir enn eit halvt år å rydda opp i oljesølet, melder Kystverket. Nå har fuglane fyrste prioritet.

M/S "Server"
Foto: Anders Jørgensen / NRK

300 tonn tungolje har truleg lekt ut frå skipet.

Sjå video her!

Kystverket seier at ulykka er svært alvorleg. Oljesøl har nådd fleire stader, og oppryddingsarbeidet kan ta meir enn seks månadar.

Årsaka til at lasteskipet "Server" gjekk på land utafor Fedje var at det fekk motorstopp.

Til saman var det 582 tonn tungolje og 72 tonn diesel i skipet.

Makteslause 

 

Oljelenser på Hellesøy
Foto: Anders Nøkling / NRK

Ved Hellesøy fyr, der bakparten av båten står på eit skjer og lek olje, er det lite Kystverket kan gjera. Kraftig vind og bølger på opptil 6 meter gjer at dei ikkje kan gå med lenser som sug opp olja utafor fyret.

- Dei legg lenser i sundet innafor fyret for å halde olja tilbake når fjæra kjem. Så vil dei prøve å spa olja opp medan det er fjære, slik at ho ikkje driv vidare langs kysten, fortel NRK-reporter Ingrid Langeland Olderbakk.

Olja har nådd fuglereservat

Oljesølv frå det havarerte skipet skal nå ha nådd fuglereservatet på Herdla i Askøy kommune.

Kurt Oddekalv observerte fleire oljeflak rundt Herdla frå eit helikopter før mørket kom i ettermiddag. Nyleg konstanterte brannvesenet på staden at oljesøl låg eit steinkast frå land.

Dyrlege Nils Reither var leiar for aksjon "Rein fugl" etter Rocknes forliset, og seier det ser stygt ut.

- Det er fare for at tusenvis av fuglar etterkvart ligg med store skader i oljesølet der ute, seier Reither.

- Situasjonen er dramatisk

I morgontimane laurdag, når det var lyst i området, kunne ein tydeleg sjå mykje olje mellom anna i fjæresteinane og på berga inne på land

Kystverket karakteriserer oljesølet  ved Fedje som dramatisk, men har førebels ikkje full oversikt over kor omfattande oljesølet er.

- Mesteparten av olja har samla seg på vestsida av Fedje, seier operasjonsleiar i Kystverket, Per Odd Krystad.

Rundt ti båtar er klare til å starta oppryddinga av tungolja, og ytterlegare fartøy er venta inn etter kvart som Kystverket får oversikt over utsleppet.

Tjukk olje har nådd strandkanten på Fedje-kysten
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

- Rekte på land

Motorstopp var årsaka til at skipet gjekk på grunn.

- Sidan skipet fekk motorstopp, rekte det på land, fortel ordførar i Fedje, Erling Walderhaug.

På grunn av høg sjø var losen på aust-sida av Fedje like før havariet. Ikkje lenger vest for øya, der losen brukar å vera.  

Det var klokka 22.50 fredag kveld det havarerte lasteskipet knakk av rett foran styrhuset på båten. 

Akterdelen av båten blei ståande att oppreist på skjêret, medan frampartiet nå er på slep.

- Det lek ikkje olja frå den delen av skipet som er på slep, seier Krystad.

M/S "Server".
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Mannskapet skal avhøyrast

Mannskapet på 25 som var ombord i skipet då det gjekk på grunn utafor Fedje, blei redda til land rundt klokka 20.45 fredag kveld. 

Dei oppheld seg nå på Scandic Hotell i Bergen. Ifølgje politiet fleire av mannskapet avhøyrast laurdag.

Det er ikkje mistanke om at nokon i mannskapet skal ha hatt promille då lasteskipet gjekk på grunn.