Hopp til innhold

Røde Kors: – Har hatt mykje flaks

Ein 44 år gamal mann er fortsatt alvorleg skadd etter ei fallulykke på Hamlagrø. Han skal ha ramla 50 meter nedover ei bratt skrent, delvis i fritt fall.

Fallulykke på Hamlagrø

FRITT FALL: Den raude ringen viser kor mannen landa. Han sklei skrått nedover den bratte fjellsida (frå oppe til høgre i bildet) og utfor stupet, før han landa på den harde snøen. Det viser spor i snøen etter den dramatiske ferda nedover fjellsida.

Foto: Bjarte Ellingsen/Norsk Luftambulanse

Luftambulansen på Hamlagrø

FØRST PÅ STADEN: Luftambulsen frå Bergen var først framme på ulykkesstaden.

Foto: Bjarte Ellingsen/Norsk Luftambulanse

Ulykka skjedde i føremiddag, og mannen er sendt til Haukeland sjukehus med helikopter.

Klokka 14 opplyser sjukehuset at mannen er alvorleg skadd.

Ifølgje ei oppdatert pressemelding laurdag føremiddag blir pasienten framleis rekna som alvorleg skadd.

Skulle eta niste

NRK.no har snakka med mannskap frå Øystese Røde Kors Hjelpekorps, som var blant dei første som kom fram til ulykkesstaden.

Dei rykka ut frå ei Røde Kors-hytte på Hamlagrø.

– Mannen som er skadd var på skitur saman med ein annan mann. Dei skulle til å setja seg ned for eta niste ved ein varde, då han sklei utfor på den isete og glatte snøen, seier Erlend Flotve i Øystese Røde Kors Hjelpekorps.

Han meiner det kan stemma at 44-åringen har ramla om lag 50 meter nedover.

– Det var ikkje fritt fall heile vegen ned, men delvis fritt fall før han landa. Han har hatt mykje flaks, seier Flotve.

Måtte heisast ut

Luftambulansen kom først til ulykkesstaden ved Sveindalsnuten, og var framme like etter klokka 12.

Men det viste seg ifølgje politiet at dei måtte ha hjelp frå eit redningshelikopter til å løfta mannen ut frå staden der han låg.

– Vi skal no få eit redningshelikopter til å henta mannen ut, sidan dei har løfteutstyr, sa operasjonsleiar Inger Myrtvedt i Hordaland politidistrikt til NRK.no klokka 12.30.

Slo full alarm

Ulykka blei meldt klokka 11.21, og det blei straks slått full redningsalarm.

Meldingane frå staden gjekk ut på at mannen kunne ha ramla så mykje som 50 meter, men politiet kan ikkje stadfesta dette.

Like før klokka 12 opplyste politiet til NRK at mannen var bevisst og at folk på staden hadde kontakt med han.

– Akkurat no ventar vi på tilbakemelding på kva ressursar som trengst for å få han ut, sa operatør Erik Hole ved operasjonssentralen til Hordaland politidistrikt.

Politiet har så langt ikkje detaljar om korleis ulykka skjedde, men reknar med at mannen kan ha vore på skitur.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Rasfarleg område

Både luftambulanse, eit redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors og ei alpin fjellredningsgruppe blei sendt til staden då alarmen gjekk.

Området skal vera vanskeleg tilgjengeleg, og politiet opplyser at det også er ein viss snøskredfare der ulykka skjedde.

Det er sol, flau vind og seks minusgrader på staden, ifølgje yr.no.

Hamlagrø er eit fjellområde mellom Voss og Dale i Hordaland.