Hopp til innhold

Kommunen sine fagfolk tilrår bybanetrasé over Bryggen

Meiner Bybanen bør gå over Bryggen og ikkje i tunnel igjennom sentrum. – Forslaget trugar verdsarven, meiner kritikar.

Anbefalar Bybane over Bryggen

PASSERER VERDSARVEN: Slik kan Bybanen passera sjølve indrefileten i Bergen sentrum. Forslaget er kontroversielt grunna konflikten med kulturarven.

Foto: Norconsult

Etat for plan og geodata i Bergen kommune tilrår at bybanetraseen frå sentrum mot Åsane bør gå på gateplan igjennom Bergen sentrum.

Tilrådinga inneber at dei meiner at Bybanen bør gå over Bryggen, som står på UNESCO si verdsarvliste. Det er i tråd med råda frå Norconsult, som NRK.no omtalte tidlegare denne veka.

Alternativet er kontroversielt, mellom anna fordi mange fryktar at bybanetraseen vil komma i konflikt med kulturminna i hjarta av Bergen sentrum.

Torsdag skal byrådet legga konsekvensutgreiinga ut på høyring. Byråd for miljø, klima og byutvikling Filip Rygg frå KrF ønskjer ikkje å kommentere saka før byrådet har behandla saka.

(Les vurderingane bak trasèvala lenger nede i saka.)

Bybanen over Bryggen

OVER BRYGGEN: Slik kan ein bybanetrase over Bryggen verta. Kommunen si fagavdeling ser fleire fordelar med gatealternativa enn tunnelalternativa.

Foto: Norconsult

– Trugar verdsarvstatusen

Stiftelsen Bryggen, som eig store delar av bygningane på Bryggen, er svært skeptiske til forslaget, og ønskjer seg heller eit tunnelalternativ.

Bernt-Håvard Øyen

KRISTISK: Bernt-Håvard Øyen, direktør i Stiftelsen Bryggen er kritisk til bybane over Bryggen.

Foto: NRK

– Me er lite stemt på å få ei Bybane framfor Bryggen, seier direktør for stiftinga Bernt-Håvard Øyen til NRK.no.

Han meiner bybane over Bryggen er eit angrep på Bryggen som verdsarvsplass.

– Me har verdsarvstatus og ein viktig plass for Bergen. Me meiner Bybanen vert ei nedbygging av eit viktig kulturikon. Dette trugar verdsarvstatusen, seier Øyen.

– Riktig og viktig

Marianne Skjulhaug, rektor BAS

POSITIV: Marianne Skjulhaug, instituttleiar for urbanisme og landskal ved Arkitektur- og designhøyskolen i Oslo.

Foto: Johannes Morland / NRK

Tidlegare rektor ved Bergen arkitektskole Marianne Skjulhaug har fartstid som byplanleggjar i Bergen. Ho meiner Bergen er best tent med at Bybanen går over Bryggen.

– Eg trur eit av dei viktigaste suksesskriteria er at bana bør gå i dei sentrale byromma, seier Skjulhaug, som i dag er leiar for institutt for urbanisme og landskap ved Arkitektur- og designhøyskolen i Oslo.

I motsetning til Øyen trur Skjulhaug Bybanen vil gje Bryggen eit løft.

– Eg trur dette kan verta fantastisk flott, seier ho.

Tre delstrekningar

Strekninga mellom Kaigaten, der endestoppet for Bybanen er i dag, og Nyborg i Åsane er delt inn i tre delstrekningar. Fagetaten tilrår følgjande traseval for dei tre delstrekningane:

  • Alternativ 1 Aa med dagløysing over Torget og Bryggen gjennom Bergen sentrum.
  • Alternativ 1Ba med dagløysing gjennom Sjøgaten i Sandviken. Fagetaten meiner stopp i Nyhavnsveien (1Bb) må vurderast vidare etter høyringa.
  • Alternativ 2C Transportetappe i tunnel og på gateplan mot Åsane. Haldeplass på torget i Åsane sentrum og trasé fram til Nyborg.

Alternativet fagetaten tilrår vil ha ei reisetid på omlag 25 minutt frå Bystasjonen i sentrum til Åsane sentrum. Det vil vera 15 stopp på strekninga. Om traseen 1Bb vert vald vert reisetida over 26 minutt og talet på stopp vert 16.

Byutvikling framfor reisetid

I tilrådinga skriv fagetaten at dei har vektlagt Bybanen si rolle som byutviklar i tilrådinga.

Rapportar frå konsulentselskapet Norconsult viser at reisetida kunne gått ned med tunnel rundt dei sentrale sentrumsområda, men at dette vil gå ut over dekninga av områda rundt Bryggen og Torget og dei nordlege delane av sentrum.

Sentrum

Bybanen gjennom sentrum

GJENNOM SENTRUM: Fagetaten tilrår at bybanetraseen vert lagt på gateplan over Bryggen og Torget.

Foto: Norconsult

Det er valet av trase gjennom sentrum som har hausta mest offentleg debatt. Fagetaten ser følgjande fordelar med å velja ein trase i dagen over Torget og Bryggen:

  • Mindre biltrafikk
  • Betre tilgang for fotgjengarar og syklistar
  • Eit meir attraktivt sentrum
  • Opprusting av byromma
  • God tilgang til sentrale byrom

Ulempene med den opne løysinga er, ifølgje tilrådinga, konflikt med landskap og kulturminner over Torget og Bryggen og potensiell konflikt med kulturlag i Sandbrogaten. I tillegg vert det påpeikt at alternativa gjennom bygatene vil ha noko lengre reisetid enn tunnelalternativa.

Fagetaten meiner òg at to av tunnelalternativa, eit med tunnelinnslag i Christies gate, og eit med tunnelinnslag i Peter Motzfeldts gate, bør vurderast vidare, men desse er rangert som mindre tenlege enn dagalternativa.

Slik vert alternativa for delstrekninga rangert av Etat for plan og geodata (frå mest til minst teneleg):

  1. 1 Aa: Dagløysing Kaigaten – Torget – Sandbrogaten.
  2. 1Ab: Dagløysing Kaigaten – Torget – Sandbrogaten, med splitta løysing med nordgåande spor over Vågsallmenningen.
  3. 2 Aa: Tunnelløysing frå Kaigaten med haldeplass under Christies gate.
  4. 2Ab: Tunnelløysing frå Peter Motzfeldts gate.

Sandviken

Bybanen gjennom Sandviken

GJENNOM SANDVIKEN: Slik er den tilrådde traseen gjennom Sandviken.

Foto: Norconsult

I Sandviken tilrår fagetaten at traseen skal gå i dagen gjennom Sjøgaten forbi det verneverdige sjøbodmiljøet i Sandviken. I utgangspunktet legg alternativet opp til ein tunnel frå Sandviken Brygge til Norges Handelshøyskole.

Fagetaten ser følgjande fordelar med trasévalet:

  • Mindre biltrafikk i Sandviken
  • Betre tilgang for fotgjengarar og syklistar
  • Meir attraktiv byutvikling langs sjøfronten
  • Opprusting av byromma
  • God tilgang til Sandvikstorget og Sandvikstranden.

Dei fryktar derimot at traseen kan føra til meir trafikk i Sandviksveien og det verna Lysthuset Måseskjæret må flyttast nærmare sjøen for å laga plass til Bybanen.

Fagetaten meiner likevel at ein bør sjå vidare på om eit stopp i Nyhavnsvegen bør vurderast, noko som vil vera eit dyrare alternativ enn ein samanhengande tunnel.

Alternativet 2B, ein lang tunnel gjennom Sandviken, vert rangert som det nest beste alternativet. Dette er den raskaste og den rimelegaste løysinga investeringsmessig, men fagfolka i kommunen meiner bana vert lite synleg, bidreg lite til byutviklinga og betener Sandviken på ein dårleg måte.

Slik vert alternativa for delstrekninga rangert av fagetaten:

  1. 1Bb – Sjøgaten og Nyhavnsveien eller 1Ba Sjøgaten.
  2. 2B – tunnel.
  3. 3Bb Sjøgaten (med forlenga fløyfjellstunnel)
  4. 3Ba Amalie Skrams veg (med forlenga fløyfjellstunnel)

Eidsvåg–Åsane

Bybanen gjennom Åsane

GJENNOM ÅSANE: Fagetaten tilrår ein transportetappe mellom Eidsvåg og Åsane sentrum.

Foto: Norconsult

For strekninga mellom Eidsvåg og Åsane tilrår fagavdelinga ein direktetrasé i tunnel og i dagen langs motorvegen, til ein kollektivterminal der bussterminalen i Åsane ligg i dag.

Vidare går tilrådinga ut på ein gatetrase i sentrum i Åsane og tunnel til Nyborg.

Fagetaten ser følgjande fordelar med trasévalet:

  • God betening av Åsane sentrum.
  • Bidreg til bymiljø i Åsane sentrum.
  • Har større dekningsgrad for senterfunksjonar.
  • Kortare reisetid.
  • Sentral og effektiv terminal.
  • Enkel overgang frå Tertnes.

Ulempene med forslaget er mellom anna at alternativet vil ligga lenge borte frå bustadområde enn dei andre alternativa.

Slik vert rangerer fagetaten dei ulike alternativa:

  1. 2C: Langs E39 via Tertneskrysset i tunnel og daglinje, til terminal med dagens plassering, gatetrasé i Åsane sentrum, tunnel til Nyborg.
  2. 1Cb: Over Åstveit, tunnel til terminal med dagens plassering, høg bru til «C-tomten» med byutvikling, daglinje over Nyborg.
  3. 1Ca: Over Åstveit, tunnel til Hesthaugveien, lang viadukt via terminal på «C-tomten» til daglinje over Nyborg.

Kostar nesten 6 milliardar

Det tilrådde alternativet er det rimelegaste av alternativa som vert vurdert. Traseen vil i følgje overslaga kosta over 5,8 milliardar og bygga. Det dyraste alternativet vil komma opp i ein pris på over 6,6 milliardar.

Planen er at ein reguleringsplan for strekninga skal verta vedtatt i løpet av 2014.

Byrådet har vald å ikkje komma med noko politisk anbefaling for trasévalet i denne omgangen.