Sidan nyttår har det vore under ti minusgrader dei aller fleste dagane på Voss i Hordaland. Etter nesten to månadar med sprengkulde har dette gitt store problem, særleg med vassrøyra.
– Alle folk er ute, det er doble skift og dei jobbar både seint og tidleg for å halda vassrøyra opne, seier Torbjørg Austrud, kommunalsjef for tekniske tenester.
Enkelte stadar går telen over to meter ned i jorda og dette gjer det vanskeleg å få vatnet til å renna gjennom røyra.
Hovudvassleidningane på Voss har tidvis vore nøydde å gje tapt for kulda.
– I mange tilfelle går telen ned forbi der me har vassleidningane, så det er klart at det er mange plassar det frys no. Det er for lite snø til å isolera og det har vore veldig kaldt over lang tid, seier Austrud.
Betonghard jord på gravplassen
Statistikken til Meteorologisk institutt viser at det på Voss har vore 24 dagar med kaldare enn ti minus etter nyttår.
Røyrleggar Ole Johan Nicolaisen er ein av dei som har fått merka at det er mange frosne røyr for tida.
– Me er blitt kontakta nesten kvar dag. Så mykje over lengre tid er det lenge sidan sist me har hatt, seier Nicolaisen.
Voss kommune har også møtt på utfordringar på gravplassen. Når nye graver skal gravast møter gravaren på betonghard jord.
– Må ta det sporty
Både fastbuande og hyttefolk har godt fått merka kulda sitt strame grep. Hytteeigar Torbjørn Landro kom fram til frosne røyr på hytta då han reiste på vinterferie.
– Du må ta det sporty når du skal til fjells. Der er det kaldt og snø så viss me skal vera der oppe må me finna oss i det av og til, seier Landro.
– Eg har vore her i åtte til ti år no og dette har ikkje skjedd før. Viss det skjer berre kvart tiande år så skal eg leva med det godt, det er ikkje noko problem, ler Torbjørn Landro.
Lengtar etter våren
Voss kommune har ikkje greidd å få oversikt over kor mange som har vore utan vatn og kor lenge. I kommunen har dei byrja å drøyma om våren.
– I vass- og avløpsavdelinga byrjar dei no å sjå på vêrmeldinga og håpa at det skal slutta med stor sol og kaldt, ler Torbjørg Austrud.