Hopp til innhold

Lom vil bli plastposefritt

Lom kommune ynskjer å kutte bruken av plastposar. Ber handelsstanden finne andre måtar å bere maten heimatt på.

Poser
Foto: Eirik Flugstad / NRK

Lom vart tidlegare i år utpeikt som nasjonalparklandsby, og ynskjer å bruke dette stempelet til å bli kvitt dei miljøskadelege plastposane.

Følgjer miljøvernministeren

Miljøvernminister Erik Solheim har gått ut og ynskt plastposen dit pepparen gror, og Lom er den fyrste kommuna som no tek initiativ til å setje dette ut i praksis.

- Vi skal ikkje forby nokon å bruke plastposar, men vi vil motivere og leggje til rette for eit meir miljøvenleg innkjøpsmønster.

Det seier prosjektleiar for småsamfunnssatsinga i Lom, Torill Bye Wilhelmsen.

Vil gje ut handlenett

Kommuna vil no ta kontakt med handelsstanden i Lom for å få til eit samarbeid. Eit alternativ er å bruke til dømes papirposar eller handlenett.

Wilhelmsen seier at dei au vil gje kvar husstand eit handlenett for å stimulere folk til å kutte ut bruken av plastpose.

- Vi har ikkje lyst til å kome med nokon peikefinger, men vi har tru på å gjere dette på ein måte som også innbyggjarane er med på, seier Torill Bye Wilhelmsen.