Hopp til innhold

Auke i jerveskadar

Aldri før har jerven gjort større innhogg i saueflokkane i Midt-Gudbrandsdalen enn denne sommaren. I Lesja derimot er situasjonen snudd. 

Jerv
Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

Det viser førebels tal frå Statens naturoppsyn.

Så langt i år er det påvist 84 jerveskadar i Midt-Gudbrandsdalen. Det er ei firedobling i forhold til i fjor.

I Lesja er det berre registrert 3 skadar forårsaka av jerv så langt i år. I fjor var det 82.

Harald Klæbo hos fylkesmannen i Oppland meiner nedgangen på Lesja kjem av at ei særskilt tispe som vart tatt ut, mens det i Midtdalen truleg er meir jerv enn dei har vore klar over.

 

Flere saker fra Innlandet