Hopp til innhold

Stor dag for dei lokale birkebeinarane

Team Birken frå Lillehammer fekk to mann på pallen på heimebane under Birkebeinerrennet. Roger Aa Djupvik vart nummer to og Espen Harald Bjerke nummer tre.

Roger Aa Djupvik

Roger Aa Djupvik, som går for Lillehammer skiklubb og Team Birken, vart nummer to på årets birkebeinerrenn

Foto: NRK

– Eg er minst like glad som vinnaren Anders Aukland. Det var heilt fantastisk å få til dette etter ein trøblete sesong, birken har vore det store målet, og så vart det pallen, gitt.

Det var ein svært tilfreds Roger Aa Djupvik som staka seg i mål på andreplass i årets birkebeinerrenn, knappe halvminuttet bak vinnaren.

To på pallen

Espen Harald Bjerke

Espen Harald Bjerke klarte endeleg å ta ein pallplass på heimebane.

Foto: NRK

Sogningen bur og går for Lillehammer, og det vart ein stor dag for klubben da Espen Harald Bjerke tok den siste plassen på pallen.

– Vi hadde planar om å vere offensive og prøve oss i bakkane, men eg fekk ikkje luka som eg trengde. Målet har vore topp tre i birken, og det er eg godt tilfreds med å klare. Eg var dessverre for dårleg nedover til å kjempe om sigeren, sa Bjerke etter målgang.

Djupvik har tidlegare vore på landslaget i langrenn, og det er fyrst i år han har starta satsinga på langløp.

– Å vere to på pallen på heimebane er stort. Eg merka undervegs at eg hadde gode ski og var greitt med dei beste, og eg er strålande tilfreds med å klare andreplassen.