Hopp til innhold

Fryktar at Heimevernet blir rasert

Mange Heimevernsoldatar fryktar at forsvarssjefen vil rasere Heimevernet. Harald Sunde foreslår ifølgje VG å legge ned fire HV-staber og redusere talet på soldatar kraftig.

Video Frykter at Heimevernet blir rasert

Soldatar fryktar at Heimevernet blir rasert dersom forsvarssjefen får vilja si.

Torsdag skal forsvarssjef Harald Sunde leggje fram sitt forslag til regjeringas langtidsprogram for Forsvaret dei neste fire åra.

Men lekkasjane har allereie nådd media, og forslag om å kutte kraftig i Heimevernet skapar auka stridslyst blant heimevernsoldatane.

– Eg trur det er ein forferdeleg dårleg strategi. Det verkar som dei er heilt historielause. Det går kjapt å bygge ned ting for å spare pengar, men det tek lang tid å byggje det opp att, seier heimevernsoldat Ola Matti Mittigård.

Flaum, ras og 22. juli

Mange meiner at forslaget om å redusere Heimevernet står i skarp kontrast til utviklinga i samfunnet.

Stadig meir ekstremt vêr med flaumar og ras stiller store krav til beredskap. Samtidig har terrorangrepet 22. juli vore ein oppvekkjar.

– Eg kan ikkje sjå at behovet for Heimevernet blir mindre. Samfunnet blir ikkje mindre sårbart og komplekst. Oppgåva vi har med å beskytte menneske og viktige samfunnsfunksjonar kjem til å ha like stor betydning i framtida.

Det seier stabssjef i HV-05 i Hedmark og Oppland, Ståle Grytli. Han får støtte frå beredskapssjef hjå Fylkesmannen i Oppland, Asbjørn Lund.

– Det som er viktig for beredskapen er at den ressursen som Forsvaret representerer blir oppretthalde.

Kven kunne forutsjå 22. juli? Vi veit ikkje ein skit før det skjer. Anten har du beredskap eller så har du det ikkje.

Ola Matti Mittigård
Ola Matti Mittigård

Heimevernssoldat Ola Matti Mittigård meiner forslaget om å kutte i Heimevernet er historielaust.

Foto: Jan Egil Løvbak / NRK

Flere saker fra Innlandet