Hopp til innhold

Reagerer på tungt språk i kommunale sakspapir

Det er for mykje tåkeprat i kommunale saksdokument. Det meiner kommunepolitikar og forfattar Øyvind Kvernvold Myhre i Gran.

Sakspapirer

Politikarar og samfunnsinteresserte borgarar har sitt fulle hyre med å lese og forstå kommunale saksdokument.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

Det er i samband med arbeidet med ei kommuneplanmelding at science fiction-forfattaren har kome med sitt innspel. Han sit også i kommunestyret for Gran Bygdeliste, og startar med å slå fast at språkbruken i planen er i overkant voldsom.

– Ingen set seg friviljug ned for å lese ein overordna plan på 65 sider, som dessutan er prega av eit tungt språk. Den skremmer folk frå å engasjere seg, seier Myhre til avisa Hadeland.

Det er stort fokus, breitt fokus og høgt fokus. Kva er det eigentleg vi meiner?

Øyvind Kvernvold Myhre

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fine ord og flosklar

Han meiner dei kommunale sakspapira er prega av fine ord og flosklar. Nå krev han at lange og fine ord blir erstatta med forståelege formuleringar.

– I eit demokrati må folk kunne setje seg inn i sakene. Dei skal kunne kritisere og avsløre. Da må dei forstå kva som blir sagt og kva som blir skreve, seier Myhre.

Rådmann Arne Skogsbakken i Gran takkar for innspelet frå Myhre, og er ikkje framand for å sende sine medarbeidarar på språkkurs.

– Mange offentlege etatar har teke tak i dette. Det bør kanskje vi også vurdere, seier Skogsbakken til avisa Hadeland.