Hopp til innhold

- Vålerkyrkja bør byggjast på branntomta

Ordføraren i Våler, Kjell Konterud, meiner det er fullt mogleg å byggje kyrkje på branntomta etter den gamle. Og han vil ikkje love pengar til å byggje ei større kyrkje ein annan stad.

Brannen i Våler kirke

Våler kirke brann ned til grunnen i fjor

Foto: Knut Sveen / NRK

Det er fortsatt usemje om kvar den nye kyrkja i Våler skal byggjast. Den gamle brann ned i mai i fjor, og spørsmålet er om eit nytt gudshus skal byggjast på den gamle tomta eller på ein annan stad.

Arkitektforbundet vart bede om å kome med si meining i saka, men heller ikkje denne har bidrege til avklaring i saka.

For medan leiaren for planutvalet, Harry Vinje, meiner at konklusjonen er at det vil vere svært vanskeleg å byggje på den gamle tomta, ser Konterud på det på ein annan måte.

– Meldinga frå arkitektane viser at det er fullt mogleg å byggje på den gamle tomta, meiner han.

– Ligg fint til

Våler-ordfører Kjell Konterud.

Våler-ordførar Kjell Konterud vil at ei ny kyrkje

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Og det passar godt med Kjell Konterud sitt syn på kvar ei ny kyrkje bør liggje.

– Den gamle kyrkja låg fint på ei høgde ved inngangen til Våler. Og i forhold til universell utforming så er det den beste staden, seier ordføraren.

Og han vil ikkje love pengar til å byggje ei større og flottare kyrkje ein annan stad i kommunen.

– Sålangt har det ikkje kome nokon førespurnad om midler i tilfelle ein skulle gå utover forsikringssummen. Å byggje ei ny kyrkje 700 kvadratmeter større vil antakeleg ha ein kostnad frå 15 millionar kroner og oppover. Og dei pengane er ikkje disponible utan vidare frå kommunen si side.