Hopp til innhold

Vil ha kontantfrie bussar

Sjåførane føler seg stadig meir utsette for ran og truslar.

Buss

Bussjåførane vil sleppe å behandle pengar i

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Den svære kniven framfor ansiktet mitt gløymer eg aldri.

Det seier bussjåfør Kjell Arne Godlien frå Gjøvik, som opplevde alle sjåførar sitt mareritt da han vart rana da han skulle snu ved endestasjonen.

Kjell Arne Golien NY

Kjell Arne Godlien vart rana med kniv i Gjøvik.

Foto: NRK

– Han brølte høgt, samtidig som han heldt kniven rett framfor ansiktet mitt. Han var kun ute etter pengar, og eg var ganske skjelven etterpå.

Ran kan stoppe bussene

Lite kontantar i bruk

Nå meiner fagforeiningane at kontantar ikkje lenger bør kunne brukast som betalingsmiddel på bussen.

– Det er vanskelegare å få tak i kontantar på bensinstasjonar og posthus. Da føler vi oss meir utsett som sit med mykje pengar på bussane, seier regionleiar i Yrkestrafikkforbundet, Ole Jonny Staven.

Han meiner at det bør vere mogleg å få til kontantfrie bussar også her i landet, ettersom andre nordiske land har klart det.

Les: Motivet var narkogjeld

Les: Væpnet ran av rutebuss i Bergen

– Vil ikkje ha pengane attende

I Stockholm vart bussane kontantfrie for tre år sidan etter ei bølgje av vald, truslar og ran mot sjåførane.

– I byrjinga var det ein del spørsmål om korleis det skulle fungere, men det har gått utruleg bra, seier Tuija Kronskans ved trafikkseksjonen i den svenske hovudstaden.

Der kan passasjerane kjøpe bussbillettar i eigne kioskar eller automatar, eller dei kan betale via sms.

– Vi vil ikkje ha kontantane attende. Absolutt ikkje, seier Kronskans.

I Oslo har Arbeidstilsynet pålagt busselskapa å fjerne kontantane innan 15. oktober. Eit slikt system blir også ønska velkomen på Gjøvik.

– Vi er lite beskytta i ein buss, og er snart dei einaste som er lette å rane, seier bussjåfør Kjell Arne Godlien.

Flere saker fra Innlandet

Villsvin i åkeren

Filma villsvinfamilie i åkeren: – Moro å sjå dyra

Kristian Hovde

Dette grisefjøset skil seg frå dei fleste andre