Hopp til innhold

Dette grisefjøset skil seg frå dei fleste andre

Grisebonde Kristian Hovde lar grisane gå fritt i store bingar. No blir han omtalt som eit forbilde i svinenæringa.

Kristian Hovde

HELDIGGRISAR: I store grisebingar på 180 kvadratmeter får grisane til bonden Kristian Hovde utfalde seg. Dei spring rundt, klatrar på jordhaugar og grev i halmbuntar.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Det verkar som om grisane trivst veldig godt, seier Kristian Hovde.

Han er grisebonde i Ringsaker i Innlandet, og har eit litt annleis grisefjøs.

Medan dei fleste norske grisar lever eit liv i ein liten binge med få andre grisar, lar Hovde grisane gå fritt innanfor større innhegningar.

I bingar på 180 kvadratmeter kan dei springe rundt og røre på seg, men dei har også høve til å gøyme seg bak vegger og halmbuntar.

Det har ført til både betre dyrevelferd, men også kjøtt, meiner Hovde.

Kristian Hovde

Grisebonde Kristian Hovde meiner det er fleire fordelar ved å ha store grisebingar, kontra små.

Foto: Frode Meskau / NRK

Høg kjøttprosent

Kjøttprosenten til dyra i fjøset hans, ligg nokre prosent høgare enn landssnittet.

Det vil seie at grisane har mindre feitt.

Ifølge Animalia, var kjøttprosenten hos norske slaktegrisar i snitt 60 prosent i fjor.

– Vi har så høg kjøttprosent at det er litt for lite feitt for bacon faktisk, seier Hovde.

– Eg trur det kjem av at dei rører på seg og får meir mosjon.

  • Meiner satsing på dyrevelferd kan redde både dyra og bøndene. Les korleis her.

Etterlyser strengare reglar

– Det er kjempeflott at nokre grisebønder går føre.

Det seier Norun Haugen. Ho er dyrevelferdsrådgjevar og jobbar for å endre regelverket til det betre for dyra.

I 2019 sjokkerte ho Noreg med Brennpunkt-dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter» der ho i fem år undersøkte norsk svineproduksjon med skjult kamera.

Norun Haugen

Filmet grisefjøs med skjult kamera i BH-en

– Dei aller fleste grisar i Noreg i dag lever i stimulifattige betongbingar på veldig liten plass, seier ho.

Fem år etter dokumentaren hennar vart vist, meiner ho at det har vore få teikn til betring i industrien.

Gris hos grisebonde Kristian Hovde i Ringsaker

80 prosent av grisehaldet i Noreg, er i små bingar med 10–12 gris, ifølge NMBU-professor Inger Lise Andersen.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Dessverre så har det ikkje skjedd nokon forbetringar. Det er framleis lov å halde gris i det levemiljøet som eg dokumenterte, seier ho.

Haugen etterlyser eit skjerpa regelverk, der det mellom anna blir stilt strengare krav til kor stor boltreplass dyra skal ha.

– Treng å røre på seg

NMBU-professor Inger Lise Andersen er ein av Noregs fremste ekspertar innan dyrevelferd hos gris.

Ho forklarer at den mest vanlege bingeløysinga i Noreg, er småbingar med 10–12 gris i kvar binge der ein gris har om lag ein kvadratmeter golvplass kvar.

Husdyrforsker

NMBU-professor Inger Lise Andersen håpar å sjå meir bruk av uteareal i norsk svinehald i framtida.

Foto: Snorre Tønset / NRK

Grisane rører seg meir og slost mindre, desto meir plass dei har. Men det er minst like viktig at dei har noko å drive med på den plassen dei har, meiner ho.

Ifølgje Andersen er det ein fordel med større grupper på mellom 20 og 30 grisar eller fleire. Men ein veit lite om kva som er den øvre grensa.

Store grupper på 150 dyr eller meir kan bli rastlause og urolege, forklarar ho.

Gris i grisefjøset til bonde Kristian Hovde i Ringsaker

Grisar er aktive dyr. I naturen vil grisen bruke 80 prosent av den aktive tida si på å leite etter mat, sjølv om dei får kraftfor, fortel NMBU-professor Inger Lise Andersen.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Det er viktig at dei store gruppene har plass nok og at arealet er organisert slik at ressursane, slik som eteplassar, kvileplassar, område der dei kan rote i underlaget også liknande, er plassert slik at det blir god dyreflyt og at ein minimerer konflikten mellom dyr.

– Dei treng å kunne røre på seg.

God helse ≠ god velferd

Det er fleire fordelar ved at grisane held seg i aktivitet og kan nytte eit større område.

– Dei får betre fordøying, betre beinhelse, lågare stressnivå og mindre hjarteproblem, blant anna. Grisar har behov for å bevege seg og utforske mykje, seier Andersen.

Ho ønsker at grisar kan ha tilgang til eit uteareal, i deler av eller heile året, avhengig av føresetnadene på kvar enkelt gard.

– Hovudsakeleg blir grisar haldt inne for eit ønske om god helse og av smittevernomsyn. Men god helse betyr ikkje nødvendigvis god velferd sjølv om god helse er ein viktig føresetnad, seier ho.

Inger Lise Andersen og smågrisene

NMBU-professor Inger Lise Andersen er ein av Noregs fremste ekspertar innan dyrevelferd hos gris.

Foto: Snorre Tønset / NRK

– God grisevelferd handlar ikkje berre om å førebyggje smerte, sjukdommar og ubehag. Det handlar også om å tilby dyra positive aktivitetar som stimulerer grunnleggande åtferdsbehov.

Det kan til dømes vere tilgang til grovfôr slik at dei får meir fiber i kosten eller tilgang til halm eller anna rotemateriale.

Eit forbilde i svinenæringa

Fram til det eventuelt kjem eit strengare regelverk, oppfordrar dyrevelferdsrådgjevar Haugen resten av svineindustrien å sjå til bonden i Ringsaker.

Ho omtaler han som eit forbilde i næringa.

– Han har mykje kunnskap, er framtidsretta og har fokus på dyrevelferd.

Norun Haugen

Norun Haugen meiner det har skjedd lite endringar i svineindustrien i Noreg. I 2019 avdekte ho fleire alvorlege forhold ved norsk svineindustri.

Foto: Helle Westrum / NRK

– Oppfordringa mi til både grisebønder og landbruket elles, er å sjå kva han gjer og lèt seg inspirere.

– Det trur eg også kan vere positivt for omdømmet til griseindustrien. I tillegg til at det vil vere veldig viktig og bra for dyrevelferda for grisane.

Kristian Hovde

Grisebonden Kristian Hovde i Ringsaker, meiner det er naturleg om det kjem nye krav for grisefjøs.

Foto: Frode Meskau / NRK

Grisebonden i Ringsaker trur det vil komme nye, strengare krav til grisehald.

– Det er berre naturleg at det kjem nye krav også for grisane no, der dei skal ha større areal og høve til å røre på seg.

I den store bingen hans går 180 grisar medan dei er små. Ettersom dei veks, flyttar han dei, slik at det er snautt hundre grisar i kvar storbinge.

– Dette er ei løysing som vil fungere der ein har grisen inne samtidig som ein produserer maten på ein måte som forbrukaren ønsker.

– Eit meir naturleg leveområde under tak er ikkje lett å finne. Det er berre svømmebasseng som manglar sånn sett.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg gjerne ein e-post!