Hopp til innhold

Filma villsvinfamilie i åkeren

Svein Amund Øvergård i Åsnes fekk besøk av villsvin og da filma han dyra frå traktoren.

Øvergård var ute og sprøyta ein åker, da han oppdaga villsvinfamilien. Han stoppa traktoren, men valde å halde seg trygt inne i traktorhytta. Men frå der filma han familien på sju.

– Det var moro å sjå dyra, seier Øvergård til NRK.

Han fortel at han aldri har sett villsvin levande før, enda han veit det har vore fleire av dei i Åsnes.

– Men dette er likevel ikkje dyr eg ønskjer å ha rundt meg, eller i norsk natur i det heile teke, seier, Øvergård.

Villsvin er ikkje ønskja i norsk natur og den sittande regjeringa har sett seg som mål å utrydde bestanden på norsk side.

Det er fordi villsvin kan ha med seg sjukdommar, som afrikansk svinepest. Og fordi den gjer mykje skade på åker og anna innmark der den ferdast.

Les også Vil kvitte seg med villsvin: Foreslår å bygge gjerde mot Sverige

Et stort og to små villsvin blant løv

Pia Knøsen Lund ved landbrukskontoret for Våler og Åsnes seier til Østlendingen at det skal vere sett villsvin i nærleiken av same område tidlegare i sommar.

– Men det er ikkje meldt inn fleire enn denne nå, og ein litt tidlegare i sommar, seier Knøsen Lund.

Nå er det lov å skyte både vaksne dyr og ungar. Men ikkje sugger som dier.

– Jakta får andre ta seg av, eg har nok med å dyrke jorda, seier Øvergård.