Hopp til innhold

Død mann funnen i gjødselkjellar

Kva som har skjedd med 75-åringen er uklart.

Det var i går kveld at ein 75 år gammal mann vart funnen død i gjødselkjellaren på garden sin på Fåvang i Ringebu.

Politiet undersøker nå omstenda rundt dødsfallet, men mistenkjer ikkje at noko kriminelt har skjedd.

- Foreløpig tydar alt på at dette er ei ulykke, seier lensmann i Ringebu, Jan Erik Rundsveen.

Politiet trur mannen har vore død sidan måndag.

Flere saker fra Innlandet