Hopp til innhold

Wigenstad får 10,7 millionar

17 år gamle Jens Wigenstad får 10,7 millionar kroner i erstatning etter ei sykkelulykke i 2000.

Jens Wigenstad er fornøyd med dommen
Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Wigenstad kolliderte med ein bil i Lillehammer for ni år sidan. Han fekk store skader etter kollisjonen, og sit i rullestol. Han har ei alvorleg hjerneskade, svekka motoriske evner og har mista språket.

I Sør-Gudbrandsdal tingrett vart Wigenstad tilkjent omlag 11 millionar kroner , noko som da var tidenes høgaste erstatningssum etter ei trafikkulykke her i landet.

Forsikringsselskapet Gjensidige ville gje han fem millionar kroner, og anka saka .

Les også: -Gjensidige kjem med skambod

- Full siger

No er dommen frå Eidsivating lagmannsrett klar, og Wigenstad er tilkjent 10,7 millionar kroner.

- Dette er nok eit døme på at erstatninga blir over dobbelt så høg som det Gjensidige tilbyr.

Det seier Wigenstad sin advokat Christian Lundin, som kategoriserer dommen som ein full siger for hans klient.