Den ivrige fiskaren Kåre Skogsrud frå Lillehammer var på ein av sine mange fisketurar da han la merke til ein liten krabat som nærma seg med bestemte steg.
- Plutseleg kom noko svart ut av tåka. Eg såg fort at det var ein mink og smatta for å lokke på han.
Minken kom rett bort til Kåre, og var ikkje verre på det enn at han klatra oppover låret for å helse på sin nye kamerat.
- Eg torde ikkje klappe han fordi eg var redd han skulle bite. Men det var kosleg at han var så tillitsfull.
Sjå Kåre sitt møte med den selskapssjuke minken:
- Oppleving for livet
Skogsrud legg ikkje skjul på at det var spesielt å få nærkontakt med eit vilt dyr nesten 1000 meter over havet.
- Eg vart overraska over kor tillitsfull han var. Det var ei oppleving for livet, for det kjem nok ikkje til å skje igjen.
Etterkvart forsvann minken, men kom attende da han skjønte at kameraten Kåre hadde fått fiskelykke.
- Han fekk to nyfiska røyer som han sat ved sidan av og åt og kosa seg med, fortel Kåre Skogsrud.
Sjå intervju med Kåre Skogsrud:
Har du nokon gong møtte ville dyr i fjellet? Fortel di historie her! Og kva bør minken heite? Mildrid? Minken? Fossheim? Kom med ditt forslag her!