Hopp til innhold

Vann internasjonal klimapris

Jon Bøhmer frå Brumunddal har laga verdas beste klimaoppfinning.

Jon Bøhmer

Jon Bøhmer med oppfinninga.

Foto: Privat

Det er Financial Times som har kåra Jon Bøhmers solkokar, Kyoto box, til verdas beste miljø og klimaoppfinning.

Solkokaren nyttar drivhuseffekta til å koke vatn, og kan varme opp og rense ti liter vatn på to timar.

- Dette er moro for meg, men fyrst og fremst er det ein seier for kvinnene og trea i Afrika, seier Bøhmer på telefon frå Kenya.

To pappesker

Solkokar

Jon si dotter Amina på 5 år lagar ein av prototypane.

Foto: Privat

Det er i og for seg ikkje noko nytt Bøhmer nå har laga. Prinsippet med solkokarar er over 240 år gammalt.

- Det eg har gjort er å finne ein måte å masseprodusere og få det ut i markedet på.

Han fortel at solkokaren består av to pappesker som står inni kvarandre. Den innarste er måla svart, medan den ytterste har folie limt på sidene for å få meir ljos inn i boksen.

- Inni der blir det fort opp mot 100 grader, og ein kan mellom anna nytte den til å koke og rense vatn og å lage mat, fortel oppfinnaren.

- Enkel løysing

Kåringa fann stad under konkurransen Climate Change Challenge, og Bøhmer får 75 000 dollar i prispengar. I alt var 300 bidrag levert inn, og fem av desse kom til finalen.

I grunngjevinga frå Financial Times heiter det at denne oppfinninga har potensiale til å forandre liva til millionar av menneske.

- Dette er ei enkel og forståeleg løysing, og det trur eg er noko av grunnen til at den vann. Samtidig var det viktig at vi fokuserte på U-landa, det er tross alt dei som slit mest med klimaendringane. Så eit stort problem med ei enkel løysing var vinnarformelen, seier Bøhmer.

Bur i Kenya

Bøhmer bur i Nairobi i Kenya saman med kone og barn, og såg tidleg moglegheiter til å gjere livet enklare for mange.

- Eg er oppvaksen på ein gard, og da lærer ein å finne praktiske løysingar.

Nå vil han nytte prispengane til å teste ut produktet i fleire utviklingsland, før det forhåpentlegvis kan hjelpe millionar av menneske i Afrika. For Bøhmer legg ikkje skjul på at det ligg pengar i oppfinninga.

- Folk her nede driv business, og det gjer vi au. Lokale innbyggjarar kan fungere som forhandlarar og tene pengar på det. Samtidig kan vi drive ned prisen på produktet ved at rike land kjøper karbonkreditt frå oss.

Og dersom du trur at ein treng å jobbe i fleire år med å lage prisvinnande oppfinningar så tek du feil.

- Dette er den enklaste eg nokon gong har laga. Eg brukte berre ei helg på å få den ferdig, fortel Jon Bøhmer.

Solkokar

Slik ser den ferdige solkokaren ut.

Foto: Privat