Hopp til innhold

Vann journalistpris for "Offerlammene"

Tom Haakenstad frå NRK Hedmark og Oppland vann Hedmark Journalistlag sin hederspris for dokumentarfilmen "Offerlammene".

Tom Haakenstad

Tom Haakenstad vann Hedmark Journalistlags hederspris for dokumentaren Offerlammene.

Foto: Torunn Myhre / NRK

Filmen handlar om norsk rovdyrpolitikk, og viser at bønder kan få opptil 1000 kroner meir for ein sau som er teke av rovdyr enn ein sau som blir sendt på slakteriet.

Filmen har skapt sterke reaksjonar frå sauebønder, og vart også meldt til Pressas Faglege Utval, men vart frikjent .

- Avslører fleire tvilsomme sider

I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at:

TV-dokumentaren Offerlammene avslører flere tvilsomme sider ved norsk rovdyr- og landbrukspolitikk. (...) Programskaperen har klart å formidle kompliserte spørsmål på en enkel og forståelig måte. Bilde og kommentarer utfyller hverandre godt, slik at budskapet kommer godt frem.

Juryens grunngjeving

- Artig å bli sett pris på

Journalist Tom Haakenstad innrømmer at han tykkjer det er stas å få tildelt denne prisen.

- Det er ei kontroversiell sak som det har vore mykje oppstyr og reaksjonar rundt. Derfor er det spesielt artig når juryen har gått gjennom saka og alt oppstyret rundt den, og funne ut at den er verdt ein pris.

Juryen bestod av nyheitsredaktør Bent Botten i Tidens Krav, Tonje Sagstuen Andersen i Oppland Arbeiderblad og kyrkjeverje i Ringsaker Geir Riise.