Hopp til innhold

Smell for Madshus

Skigiganten Madshus hadde eit underskot før skatt på heile 35 millionar kroner i fjor. Det melder nettavisa na24.no.

Madshus-ski
Foto: Torvild Sveen

Leiinga meiner årsaka er omlegginga i bedrifta.

Etter skatt er underskotet på 50 millioner. Med det har bedrifta, som har 100 tilsette på Biri, nesten femdobla underskotet frå 2006.

Administrerande direktør i Madshus, Lars Hanstad, seier årsaka til det store underskotet er at bedrifta har gått gjennom ei stor omlegging dei siste åra.

Lysare i 2008

- Sist år måtte vi fullføre prosessen med opprydding og omstrukturering. Mesteparten av underskotet på 35 millionar var knytta til denne prosessen, seier Hanstad.

Men han ser lysare på 2008.

- Sjølv om det nå har vore to dårlege vintrar, kjem resultatet til å bli mykje betre for 2008, seier han.