Hopp til innhold

- Kommunar kan måtte ta opp lån for å betale oppreising

Kommunane i Sogn og Fjordane kan måtte punge ut med millionar av kroner i oppreising til personar som har opplevd overgrep i offentleg omsorg.

Video Erstatning etter 50 år

FÅR OPPREISING: Fleire kommunar og fylker opnar for å gje erstatning til overgrepsborn. I Sogn og Fjordane bur ei kvinne som vart usett for overgrep for over femti år sidan - fyrst no får ho oppreising.

Fylkeskommunen og kommunane tilbyr ei orsaking på opp til 725 000 kroner til tidlegare barneheimsborn. Det kan gå hardt ut over kommunar som allereie slit med trong økonomi.

- Vi kjenner til kommunar som har måtte ta opp lån for å kunne betale ut desse oppreisingssummane, seier Kai Stene i Prosjekt Oppreisning.

- Små summar for dei råka

Frå 1. januar i år opna kommunane for at dei som har vorte utsette for overgrep og omsorgssvikt når dei var i offentleg omsorg, kan søkje om oppreising.

Etter at dei fem første søknadane er handsama må kommunane i fylket ut med 3,5 millionar kroner. Den høgste oppreisingssummen er 725 000 kroner.

For dei som opplevde å bli svikta av offentlege omsorgsinstitusjonar er summane små.

- Kva er 700 000 tusen kroner for eit øydelagd liv? Eg er ikkje i jobb, eg er uføretrygda, og eg klarer ikkje fungere normalt, fortel ei av kvinnene som har søkt erstatning til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arvid Mellingen

LEIAR: Arvid Mellingen er utnemnt som leiar av oppreisingsutvalet.

Foto: Tor Yttri

- Mange skjebnar

Arvid Mellingen er utnemnd som leiar av det uavhengige oppreisingsutvalet, og har allereie handsama fem søknadar.

- Det er veldig mange tragiske skjebnar, det må eg seier, seier Mellingen.

Vågsøy må betale 2,2 millionar

Av dei 3,5 millionar kronene som skal betalast i oppreising til dei fem søkjarane, skal Vågsøy kommune betale over halvparten.

Den allereie sårbare økonomien har fått ei rekning på 2,2 millionar kroner.

- Det er mykje, og det er heilt klart ein god del av vårt budsjett, seier rådmann Svanhild Mosebakken.

Førebels har kommunen ikkje sett av pengar.

- Dette er pengar vi må finne på budsjettet. Så vi må ta ein gjennomgang for å sjå kor vi skal finne dei, seier Mosebakken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kai Stene

TRUR PÅ MANGE SØKNADER: Kai Stene i Prosjekt Oppreisning, trur det vil kome inn 100 søknader om oppreising i Sogn og Fjordane.

Foto: Marius Harlem / NRK

Trur det vil kome 100 søknader

Kai Stene i Prosjekt Oppreising seier mange kommunar må opp lån for å klare å betale oppreisning.

- Dette er svært alvorlege saker, så det skal vere slik at det kjennest på økonomien at det kostar, seier Stene til NRK.

Til no har 12 personar søkt om oppreising i Sogn og Fjordane, men Stene seier kommunane må førebu seg på at det vil kome mange fleire.

- Eg trur vi vil kome opp i 100 søknadar før 2013.