Hopp til innhold

Sokkelest hindra EM-bronse

Kim Andre Blikås var berre ein sokkelest frå å knipe bronsemedaljen i benkpress under fredagens junior-EM i styrkeløft.

Kim Andre Blikås

Ein sokk vart skilnaden på bronse og fjerdeplass for Kim Andre Blikås.

Foto: Norges Styrkeløftforbund

Blikås fekk opp 215 kilo. Like mykje som landsmannen Stian Walgermo. Dermed var det kroppsvekta som avgjorde kven som skulle få bronsemedaljen i benkpress.

- Han slo meg med fem gram. Det hadde vore nok å ta av seg eine sokken då eg gjekk på vekta. Og det burde eg ha gjort. Det er slik du skal gjere, seier Blikås.

Sokken avgjorde

For då utøvarane skulle på vekta før konkurransen, tok ikkje sunnfjordingen av seg sokken. Dermed vart den teljande som kroppsvekt - og vart avgjerande i medaljekampen.

Under innveging vog Blikås 99,50 kilo. 0,05 kilo meir enn Walgermo.

- Eg tenkte at det ikkje ville ha noko å seie. Neste gong skal i alle fall sokkane av. Og kanskje trusa, forsikrar Blikås og vedgår at det var surt å sjå medaljen glippe på denne måten. Plasteret på såret var at medaljen likevel vart i Norge.

Blanda kjensler

Sunnfjordingen er andrereis gut i junior-EM i styrkeløft. I meisterskapen på Hamar noterte han seg for 800 kilo samla sett. Det er 19 kilo meir enn hans tidlegare personlege rekord.

Dei imponerande resultata viser 290 kilo i knebøy, 215 kilo i benkpress og 295 kilo i markløft. Noko som igjen betyr personlege rekordar i både knebøy og markløft.

Dermed kopierte han lagkamerat Lars Andreas Bruland sin sterke fjerdeplass i samandraget torsdag.

- Det er litt blanda kjensler. Det var utruleg godt å ta 800 kilo samanlagt. Det var målet. Samstundes hadde eg litt kluss med teknikken, seier 20-åringen.

Teknisk tull

- Eg hadde litt teknisk tull på knebøy og i benkpress, og meiner eg hadde meir inne enn det eg fekk vist, seier han og meiner han med full klaff kunne fått opp ti kilo meir på benkpress.

Fjerdeplassen samla sett var også i samsvar med ambisjonane. Avstanden til gullmedaljevinnaren var 60 kilo, medan det var 50 kilo opp til Stian Walgermo som sikra Norge bronse i 100 kilosklassa.

- Fjerdeplassen var drøymemålet. Karane over meg på lista er eldre enn meg, så fjerdeplassen var maksimalt for meg, seier Blikås.