Hopp til innhold

Norwegian: – Vil uansett ta fleire dagar før alle flya er i lufta igjen

Når partane i Norwegian-konflikten blir samde, vil det uansett ta fleire dagar før alle flya er på vengene igjen. Norwegian-leiinga varslar også fleire permitteringar, dersom det ikkje kjem ei løysing snart.

Norwegian

FORHANDLAR FRAMLEIS: Partane i Norwegian-konflikten forhandlar framleis om ei løysing i streiken.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Mange fly står der dei ikkje skal stå. Det er eit stort puslespel som må gå opp for at vi skal vere oppe og gå igjen, seier informasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian.

Han seier det vil ta tid å «posisjonere» alle flya dersom partane blir samde:

– Det vil uansett ta fleire dagar før alle flya er i gang igjen, seier han til NRK.

Varslar fleire permitteringar

Over 16 timar i mekling hos Riksmeklaren førte ikkje fram fredag og natt til laurdag. Partane klarte rett og slett ikkje å bli samde, sjølv om begge partar letta på krava.

Gjennom helga har partane halde fram forhandlingane, utan Riksmeklaren til stades. Forhandlingane starta opp att ved 16-tida laurdag.

Rundt 700 pilotar er i streik, og rundt 1000 Norwegian-tilsette er permitterte som ein konsekvens av streiken.

Ifølgje informasjonssjefen i Norwegian er også fleire hundre tilsette i tilstøytande næringar, i 13 ulike byar, permittert grunna streiken.

Dersom partane ikkje blir samde innan rimeleg tid, varslar Norwegian-leiinga fleire permitteringar:

– Fleire vil bli permittert dersom det ikkje blir ei løysing i konflikten. Pilot-streiken har ført til at nærare 1000 tilsette er permitterte, og det kan bli fleire hundre til dersom det ikkje blir semje snart. Streiken har store konsekvensar, seier Sandaker-Nielsen til NRK.

I tillegg er mange tilsette i andre selskap som leverer tenester til Norwegian, permitterte grunna streiken som no har pågått i åtte dagar.

Kjelder til NRK: – 18-19-tida er eit kritisk tidspunkt

Kjelder nære Norwegian-forhandlingane seier til NRK at partane må bli samde tidleg i kveld for at det skal vere håp for morgondagen. 18-19-tida i kveld skal vere eit kritisk tidspunkt, ifølgje NRK sine kjelder, og ein jobbar for ei løysing før dette. Ved 20-tida søndag kveld hadde partane framleis ikkje kome til semje.

Held forhandlingane fram utover kvelden, ser det svart ut for Norwegian også i morgon, ifølgje NRKs opplysningar.

Sandaker-Nielsen seier han ikkje kan kommentere dette:

– Det er mange x-faktorar som speler inn, så det er vanskeleg å kommentere eit eksakt tidspunkt. Vi ønskjer ei løsyng så fort som mogleg. Jo tidlegare, dess betre, seier Sandaker-Nielsen.

Dersom det blir semje i ettermiddag eller kveld, vil ein byrje å fly igjen allereie i kveld?

– Det er vanskeleg å sei. Vi vil starte å fly igjen så snart som råd, men som sagt: Det vil ta dagar før vi er hundre prosent i rute, svarar informasjonssjefen.

Se Kristin Skogen Lunds tirade mot Parat og pilotene i Norwegian

Administrerende direktør Kristin Skogen Lund i NHO mener Parat tyner Norwegian i en veldig presset situasjon.

AKTUELT NÅ