NRK Meny
Normal

Her er tilbodet pilotane fekk frå Norwegian i natt

Norwegian har offentleggjort punkta dei tilbydde pilotane, men som ikkje førte fram til ein slutt på streiken. Parat seier det er ei gåte at ikkje ei løysing har kome på bordet.

Riksmekler Nils Dalseide, Halvor Vatnar og Bjørn Kjos

Norwegian-sjef Bjørn Kjos (t.h.) og NPU-leiar Halvor Vatnar gjekk tomhendte frå forhandlingsbordet etter 16 timar hos riksmeklar Nils Dalseide.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Partane utveksla i løpet av den 16 timar lange meklinga tilbod og mottilbod, men måtte ved 05.30 tida laurdag morgon konstatera at dei framleis står for langt frå kvarandre til å kunne avslutte streiken.

I ei pressemelding skriv Norwegian at dei har lagt fram eit tilbod som gjev skandinaviske pilotar jobbtryggleik.

Dette er tilbodet som Norwegian skal ha lagt fram i natt:

  • Stillingsgaranti frå morselskapet i tre år for alle pilotar i Skandinavia (garanti mot nedbemanning)
  • Konsernansiennitet for alle kortdistanse-pilotane. Solide karrieremoglegheiter også på langdistanseflygingane
  • Uendra lønsvilkår (snittløn kaptein 1,1 millionar kroner per år før forsikring og pensjon, styrmann vel 740.000 kroner per år før forsikring og pensjon)
  • Minimum 184 fridagar i året
  • Marginale endringar i arbeidstid og fleksibilitet
  • Pensjon: høgaste sats på innskotspensjon, lukka ytelsespensjon for dei som har 10 år eller mindre att til pensjonsalder (65 år)
  • Skattefri utbetaling på ca. 3,5 millionar kroner ved tap av flysertifikat
  • Felles forhandlingsrett for dei norske, svenske og danske pilotane
– Vi er veldig skuffet over at vi ikke klarte å komme til en avtale. Og vi er særdeles skuffet med tanke på de kundene som i dag også blir berørt av streiken, som da selvfølgelig fortsetter, sier kommunikasjonssjef Anne-Sissel Skånvik i Norwegian.

Kommunikasjonssjef Anne-Sissel Skånvik i Norwegian.

– Ei gåte

Men desse punkta har ikkje vore nok for pilotane. Parat, som forhandlar for pilotane, seier til NRK at dei har forsøkt å kome med forslag til løysingar, lagt fram ulike alternativ, og at dei er forundra over at inga løysing er komen på bordet.

– Det er ei gåte for oss også. Me hadde reelle forhandlingar i natt, og etter å ha utveksla ulike forslag til løysingar, så konkluderte begge partar at det ikkje var grunnlag til å forhandle vidare klokka halv seks i morgon, seier forbundsleiar i Parat, Hans-Erik Skjæggerud, som i natt sat i lange forhandlingar med Norwegian.

– Men det kan ikkje vere ei gåte. Det må vere nokre punkt der Norwegian ikkje er villig til å gi, kva punkt er det?

– Det er ei gåte for oss, fordi gjennom desse forhandlingane, så haldt me fram med å gi på mange av dei områda som me har gitt før. Me har føreslått endå meir fleksibel arbeidstid til dømes, og kompensasjonsordningar som me har føreslått å ta bort. Men me har ikkje fått noko tilbake, seier Skjæggerud.

Han seier at dei heller ikkje har fått noko gjennomslag på sitt viktigaste punkt, nemleg ein tariffavtale med moderselskapet.

– Men me har forhandla om alternativ til dette, som til dømes ei binding til moderselskapet, og heller ikkje det har me fått, seier Skjæggerud.

Norwegian har kalla inn til pressekonferanse klokka 13, og har også sagt at dei vil ta opp forhandlingane att. Skjæggerud seier Parat er klare for å snakke saman igjen om invitasjonen kjem.

Hans-Erik Skjæggerud i Parat seier det er ei gåte kvifor det ikkje har kome ei løysing på konflikten.

Hans-Erik Skjæggerud om streikeforhandlingane.

– Vil splitta pilotane og knusa tariffsamarbeid

Like etter brotet i meklinga laurdag morgon sa leiar i Norwegian Pilot Forening Halvor Vatnar at Norwegian er ute etter å knusa tariffsamarbeidet mellom pilotane.

– Leiinga i selskapet og Bjørn Kjos snakkar om de mange passasjerane som ikkje kjem dit dei skal, men når det kjem til stykket ser me ein motpart som ikkje viser vilje til å finna løysingar og eigentleg ikkje bryr seg om alle passasjerane. Leiinga er berre ute etter å splitta pilotane og hindra effektivt tariffsamarbeid, meiner Vatnar.

Norwegian tapa 1,6 milliardar kroner i 2014, og meiner store kostnadskutt og effektivisering må til for å halda selskapet levedyktig.

Ifølgje NPU-leiaren var tilbodet frå pilotane «ei heilskapleg løysing som vil spara selskapet for mange titals millionar kroner».

Det blei ikkje avtalt nye møte mellom partane etter brotet i meklinga. Norwegian skal laurdag morgon ha sendt ut ein epost til pilotane i NPU der dei ber motparten om å vurdera tilbodet på ny og møta til forhandlingar, skriv flyselskapet i ei pressemelding.

Parat-leder Hans Erik Skjæggerud sier de har beveget oss mye siden forrige runde.

Parat-leiar Hans Erik Skjæggerud.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger