Hopp til innhold

Fann hoggorm i Rana

Første dokumenterte observasjon av hoggorm i området på nesten hundre år.

Hoggorm

Hoggormen kan vere i ferd med å etablere seg i Rana igjen. Illustrasjonsfoto.

Foto: Per Kåre Berget, Kvikne Nord-Fron

Ormen ble funnen av tilsette i Engvegen barnehage i Mo i Rana onsdag morgon, skriv Rana Blad . Det er om lag hundre år sidan sist det vart stadfesta eit funn av hoggorm i Rana.

- Vi må tilbake til byrjinga av 1900-talet. Det har vore ein del meldingar, men vi har ingen bekrefta observasjonar. Difor kan vi nesten kalle dette funnet ein sensasjon, seier marinbiolog Rune Nilsen ved Helgeland museum avdeling Naturhistorisk avdeling til NRK.

Den 35 centimeter lange ormen låg flatklemt på parkeringsplassen ved barnehagen.

Begeistring og uro

Funnet skapte stor begeistring og ærefrykt blant ungane i barnehagen.

Les også: Flått, mordersnegler, hoggorm - hva blir det neste?

- Den er heilt flat og er sikkert daud no. I så fall syntes eg synd på slangen, seier Emma Jensen til Rana Blad.

Dei tilsette syntes ikkje funnet var like morosamt, sidan funnet av den giftige ormen vart gjort så nært barnehagen.

- Eg likar ikkje tanken på at den kom så nært oss før den dauda. Det kan jo vere fleire der ute, seier Frode Sørensen til avisa.

- Treng ikkje vere redd

Konservator ved museet, Per Ole Syvertsen, avviser at det er grunn til å vere ekstra bekymra.

- Ein treng ikkje vere redd for å gå i skogen og plukke bær berre fordi det er funnen ein hoggorm i Rana. Men å vere merksam, ved å bruke augo før ein stikk handa ned i lyngen, det bør ein alltid vere.

Per Ole Syvertsen

Konservator Per Ole Syvertsen.

Foto: Helgeland museum

Ved dei aller fleste tilfella kor ein person har blitt bitt av hoggorm i Noreg, så har det ikkje fått store konsekvensar, seier Syvertsen.

- Noko verre er det jo for born, så at denne ormen blei funnen ved ein barnehage var ikkje så hyggeleg. Men vi veit ikkje kva det betyr. Om det er tilfeldig, eller om dette er eit spesielt attraktivt område.

Hoggormar trivst generelt godt i område med mykje mat, det vil seie smågnagarar, legg han til.

Utelukkar ikkje fleire dyr

No startar arbeidet med å kartleggje om det finnast fleire reptilar i området, samt å ta vare på det eksemplaret som er funnen.

- Den har blitt overkøyrt av ein bil, og ligg no i ein frysar. Det er i ei forfatning som gjer at vi ikkje veit om vi kan stoppe han ut, men vi vil uansett ta vare på han, seier Rune Nilsen ved Helgeland museum.

På sikt har dei tilsette ved museet ein plan om å leggje ut metallplater i terrenget for å finne ut om det finnast fleire ormar i området. Når platene blir oppvarma av vêret, blir dei ein attraktiv gøymestad for hoggorm. På den måten vil det kunne vere mogleg å kunne fange eit levande eksemplar.

- Vi veit jo at det har vore orm her før. Og vi ser det att i nokre lokale stadnamn, som til dømes i Ormlia, seier Nilsen.