Hopp til innhold

Trøysta arbeidslause i Kristiansund i 1. mai-talen

Den profilerte fagforeiningstoppen Leif Sande brukte store deler av 1. mai -talen sin til å trøyste dei som no misser arbeidet ved Ello i Kristiansund. Og refse Orkla.

Leif Sande

Fagforeiningsleiar Leif Sande var ikkje i tvil om kvar han skulle markere 1. mai søndag.

Foto: privat

Leif Sande er fagforeiningsleiar for 61 000 medlemmer i Industri Energi og var ikkje i tvil om at han måtte reise til Kristiansund under årets 1. mai-markering. Invitasjonen kom frå den lokale tillitsvalde Bengt Eriksson og utløyste rask respons.

– Då Bengt ringde var eg ikkje i tvil om kvar eg ville vere 1. mai. Det måtte bli i Kristiansund, saman med dykk, sa Sande under talen sin søndag ettermiddag, og la til at han visste det hadde vore søvnlause netter og jobbing natt og dag.

Les også:

Flyttar til Sverige

1. mai-markering i Kristiansund

Mange deltok i 1. mai-markeringa i Kristiansund søndag.

Foto: Heine Schjølberg

Tidlegare denne veka blei det klart at Orkla flyttar produksjonen ved Ello-fabrikken til Sverige, og dermed misser omlag 60 tilsette arbeidet. Det skapte tårer og fortviling, spesielt blant dei mange i 50- og 60-åra som fryktar det blir uråd å få nytt arbeid.

– Den høge arbeidsløysa gjer at det blir knallhardt for lokalsamfunnet å handtere nedlegginga av Ello, sa Sande, og la ironisk til at dette var takka til dei som har arbeidd knallhardt for Orkla.

Langt tog i Molde

Ekstra langt tog i Molde

Fellesforbundet seier det ikkje har vore så langt tog i Molde på fleire år. Her er streikande i hotell-og restaurantbransjen i gule Vestar.

Foto: Fellesforbundet

I Molde var det ifølgje Fellesforbundet ekstra langt tog i år på grunn av streiken blant hotell- og restaurantarbeidarane. Streiken blei trappa opp laurdag, og nesten 400 er no i streik i Møre og Romsdal.

I Molde har det ikkje vore på langt tog på fire-fem år, seier leiar i Fellesforbundet for Nordmøre og Romsdal, seier Cecilie Søllesvik.

Stortingsrepresentant Martin Kolberg var hovudtalar i Molde og i Eide. I Ålesund var Øyvind T. Hansen i LO hovudtalar.