Laurdag morgon trer Cecilie Søllesvik på seg den gule streikevesten for første gong. Saman med nesten 400 andre hotell- og restauranttilsette streikar ho for høgare løn frå laurdag morgon.
Streikevaktene er på plass i Molde lørdag formiddag.
Foto: Fellesforbundet– Det er viktig fordi det er svært mange som jobbar i denne bransjen, og veldig mange kvinner og deltidstilsette. Dei fortener løn som ein rett og slett kan leve av, seier ho. I tillegg til høgare løn er lokal forhandlingsrett eit viktig punkt å få gjennomslag for.
– Det er heilt uforståeleg at NHO ikkje vil det, seier Søllesvik.
44 bedrifter råka av streiken
Sist helg gjekk over 3000 tilsette i streik. Laurdag morgon blir nesten 2500 tatt ut, og denne gongen er tilsette ved 44 hotell, restaurantar og kantiner i Møre og Romsdal også omfatta av streiken.
Sakarias Sæterstøl meiner det er viktig å vise alvor, ved å streike. Laurdag morgon er han klar utanfor Quality Hotel Waterfront.
Foto: Torild ØvrelidSakarias Sæterstøl ved Quality Hotel Waterfront i Ålesund er ein av 17 tilsette som laurdag morgon er i streik.
– Dette er den einaste måten å vise at vi meiner alvor. Det er viktig å stå for dei krava vi har, seier han.
Streik over heile fylket
Tilsette ved moldehotella møtte Fellesforbundet tidlegare denne veka for å førbu streiken.
Foto: FellesforbundetFellesforbundet har tatt ut flest streikande ved Scandic Parken i Ålesund, der er 36 no i streik. Ved Scandic Seilet i Molde er 26 i streik, ved systerhotellet i Kristiansund, 25. Men også mindre bedrifter er råka. Ein person ved kantina på Color Line i Ålesund er i streik, to ved Hotel Fosna i Kristiansund, og fire ved Angvik Gamle Handelsted.
Les også:
Besøkjer alle streikeråka laurdag
Cecilie Søllesvik og resten av styret i Fellesforbundet lokalt har planar om å besøkje alle streikeråka hotell og restaurantar i Romsdal og på Nordmøre laurdag. Ho seier ingen hotell blir stengde umiddelbart, som følgje av streiken, men beklagar ulempene for dei som blir råka.
Kor lenge streiken kjem til å vare, tør ho ikkje spå.
– Det veit vi ikkje. I 2006 varte det i seks veker, så den får vare så lenge som den treng, seier ho.