Hopp til innhold

Overvakar millimeterrørsler i «Mannen»

Nye radarmålingar viser at fjellpartiet i «Mannen» har flytta seg endå meir dei siste ti dagane.

Nye radarmålingar viser at fjellpartiet i Mannen har flytta seg endå meir dei siste 10 dagane. Frå i dag er det full radarovervaking av det rasutsette området i Romsdalen.

MÅLINGAR: Nye radarmålingar viser at fjellpartiet i Mannen har flytta seg endå meir dei siste 10 dagane.(Foto/redigering Alf-Jørgen Tyssing).

«Mannen» i Rauma er eit av dei mest overvaka fjellpartia i landet. Før helga blei det meldt om store og stigande rørsler i området, og det viste seg at det er ein reell sjanse for at 4000 lastebillass med stein kan rase ut innan kort tid.

Radaren som fyrst avslørte rørslene flyttast i dag nærare det mest aktive området, og enda meir overvakingsutstyr blir flydd opp til boreriggen på fjellet «Mannen»

Sju mm endring

Fleire geologar er på plass i Rauma for å følgje med på utviklinga til fjellpartiet «Mannen». I dag blei overvakinga av det rasutsette området i Romsdalen sett i gang igjen.

Lene Kristensen

GRANSKAR: Geolog Lene Kristensen granskar dei nyaste målingane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / nrk

Lene Kristensen, geolog ved Åknes- Tafjord beredskapssenter viser fram eit databilete med det som ser ut som mange små gule flekkar. Radarbiletet viser dei mest ustabile steinmassane i fjellet Mannen i Romsdalen.

– Etter det vi kan sjå så ser det ut som at fjellmassane har bevega seg opp imot sju mm sidan førre gong vi målte, seier Kristensen.

Ho fortel at det framleis er usikkert kor store rørsler det er snakk om ettersom det er kort tid sidan førre måling.

Saka held fram etter biletet.

Geologar utforskar målingane frå Mannen i Romsdalen

Geologane følgjer nøye med på utviklinga til fjellmassane ved 'Mannen'.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Nrk

Følgjer nøye med

Målingar gjort i slutten av september avslørte store rørsler som kan bety at store steinmassar kan rase ut om kort tid. I dag var geologar på synfaring med helikopter for å utforske staden nærare.

– Det var ikkje optimale forhold i dag, men vi kunne likevel sjå at det var veldig mykje laust fjell og sprekkar, seier Einar Anda, ein av dei andre geologane ved Åknes- Tafjord beredskapssenter.

Einar Anda

SPREKKAR: Geolog Einar Anda var i dag på synfaring i helikopter.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / nrk

Området ligg i utkanten av eit større ustabilt fjellparti som har vore kontinuerleg overvaka i fleire år. Rørslene som nå er avdekt, blir følgt av ein radar som blir lest av tre gongar i døgnet.

Kjell Jogerud, dagleg leiar ved Åknes- Tafjord beredskapssenter, fortel at raceren er det einaste middelet dei har til å følgje med på rørsla oppe i fjellsida.

– Det er rett og slett for vanskeleg å utrygt å kome til med andre typar instrument, seier Jogerud.

Informasjonen frå overvakingsinstallasjonane har gjort det mogleg å varsle innbyggjarane i kommunen. Sjølv om eit eventuelt ras ikkje er stort nok til å true busetjing og vegar, blir situasjonen tatt på alvor.

– Vi tenker at det er bra å vere opne om slike ting, og informere busetjarane i nærleiken om den reelle situasjonen, seier Kristensen.

Regne ut når raset kjem

Om eit par dagar har geologane enda meir nøyaktig kunnskap om bevegelsane i fjellet Mannen i Romsdalen.

måleutstyr til å måle bevegelsane til Mannen i Romsdalen

OVERVAKING: Informasjonen frå overvakingsinstallasjonane har gjort det mogleg å varsle innbyggjarane i kommunen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Nrk

Geolog Lars Harald Blikra håper at dei då kan samanlikna dei nye målingane med dei som blei tatt i september. Dette håpar dei å kunne bruke til å regne ut når raset vil kome.

– Det er enno for tidleg å kunne seie noko om når det vil skje, men dersom vi får eitt par målingar til vil det vere mogleg å kunne regne seg fram til ei tid, seier Blikra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL