Hopp til innhold

Nattleg jakt etter kjærleikens vesen

«Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux» er ein modig roman på minst to måtar og begge har med seksualitet og drifter å gjere.

Hanna Ørstavik
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Men lat meg starte i ein annan ende: Hanne Ørstavik er ein av dei forfattarane som verkeleg utforskar livet og eksistensen gjennom romanane sine, noko som blir tydelegare etterkvart som åra går.

Denne, skal vi kalle det metoden, har mykje bra ved seg: Lesaren opplever at dette er alvor, forfattarskapen står fram som nødvendig og dette slår gjennom også i dei svakare bøkene. Dessutan kan ein følgje nokon problemområde frå bok til bok og studere korleis dei utviklar seg. Ta språket, som jo er ganske sentralt for ein forfattar, eller kroppen, som stadig får større plass i bøkene til Ørstavik: på svært nærsøkande vis prøver forfattaren å utforske og overskride dei grensene språket og kroppen har.

Det mystiske

Og ja, no kjem eg snart til det seksuelle i den nyaste romanen, eg skal berre ta med at dette begjæret etter grenseoverskriding, der språket skal bli eitt med objektet det skildrar og kroppen skal bli eitt med ein annan kropp, denne dragninga mot total samansmelting får eit drag av mystikk ved seg som gjev bøkene ein særeigen botn, her skjer noko som minner meg om Jon Fosse.

Å vere den eine og tole dei mange

I «Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux» har ein kvinneleg bildekunstnar oppsøkt kunsthistorikaren Johannes. Johannes vil ha henne men ikkje berre henne og ikkje heile tida. Som evig singel har han dyrka seksualiteten gjennom strippeklubbar, swingersprosjekt og ei nennsom høgrehand. Til forskjell frå Rudolf, mannen i romanen "Hyenene" frå i forfjor: Rudolf ville alltid akkurat det hovudpersonen Siv ville og han hadde som prosjekt å gjere henne lykkeleg. Johannes på si side har sitt eige liv som han forsvinn inn i, eller ut i. Og kvinna i årets roman, som ifølgje baksideteksten heiter Ruth, har tre val: ho kan anten bli ei klengete sutrekjerring som nektar Johannes å gjere det han har lyst til, ho kan gjere det slutt og gå sin veg eller ho kan utforske dei mørke sidene ved driftslivet for betre å forstå både Johannes og sin eigen seksualitet. Ruth vel det siste.

Dobbel utforsking

På reise i Bordeaux der ho skal ha ei utstilling, oppsøkjer Ruth stader som snille jenter ikkje veit finst. Og dermed dukkar det opp fleire gode spørsmål, som: kva det er inni Ruth som gjer dette valet, og kor mykje har drifta mot det mørke oppstått etter at Johannes ikkje kjem til utstillinga hennar som han lova? Frigjering er og blir eit mangetydig ord i denne romanen.

Utfordrande

Forfattaren er ikkje den første som spør om det går an å vere eitt med eit anna menneske i hug og hold, i kropp og sjel og på same tid dyrke dei mørke og promiskuøse driftene. Men med ørstaviksk alvor let ho Ruth utforske nattsidene i byen og i sjela, altså både det som skjer i konkrete erotiske møte mellom menneske og korleis desse erfaringane i sin tur er med på å endre folk i vidare forstand.. Det er modig, og trass den slappe tittelen er dette den mest intense og utfordrande romanen frå Ørstavik på mange år.