Hopp til innhold

– Kom på kant med Quisling

Thomas Neumann var ein norsk ingeniør som var med i Nasjonal Samling frå byrjinga, men enda med å sitje som fange på Grini under krigen. No blir fargefotografia hans stilt ut av Riksarkivet.

– Det er ein fotoskatt me har fått tak i. Det er sjeldan me ser så tidlege fargefotografi, seier Ellen C. Scheen ved Riksarkivet.

Arkivet fekk samlinga av Thomas Neumann si dotter, og bileta syner motiv frå både Tyskland og Norge.

Thomas Neumann
Foto: Thomas Neumann

– Dei gir liv til ein periode me fyrst og fremst kjenner i svart/kvitt, seier Scheen.

Torsdag blir fotografia frå fargefilmen sin barndom, frå våren 1937 og framover, å sjå i foajeen til Riksarkivet ved Sognsvann i Oslo.

Propagandaleiar

Thomas Neumann
Foto: Thomas Neumann

Thomas Neumann (1901-1978) utdanna seg til elektroingeniør i Dresden og jobba i Berlin fram til 1933.

Då han kom heim til Norge vart han medlem av Nasjonal Samling og ein av støttespelarane til Johan B. Hjort, som var leiar av «Hirden» frå 1935.

Neumann var også propagandaleiar for Oslo og Akershus.

– Thomas Neumann høyrte til eit miljø i NS som kom i konflikt med det tungt borgarlege «offiser- og forretningsmiljøet» som styrte NS. Neumann kom tilbake til Norge som ein inspirert og omvendt nazist, som kom i opposisjon til leiarskapen til Quisling, fortel historikar Lars Borgersrud.

Thomas Neumann
Foto: Thomas Neumann

– I 1936 var det mykje uro i partiet. Det enda med at Hjort erklærte at han ikkje var medlem lenger, men i røynda vart han ekskludert, og Neumann følgde Hjort ut av partiet i 1937, seier Borgersrud.

Fange på Grini

I oktober 1944 vart Neumann arrestert for «illegal verksemd» og sat på Grini til slutten av krigen.

– Han vart arrestert i ei «avissak», noko meir veit me ikkje. Det er rimeleg å tru at Neumann og andre med han bevega seg vekk frå sitt gamle verdsbilete. Krigen kan nok ha overbevist dei, seier Borgersrud.

I 1940 vart han tilsett i NRK, som avdelingsingeniør og seinare sjefsingeniør.

I 1950- og 60-åra hadde han ansvaret for bygginga av ei rekkje radio- og fjernsynssendarar over heile landet, og vart rekna som ein dyktig fagmann.

(Saka held fram under biletet)

Thomas Neumann
Foto: Thomas Neumann

Fortalte lite om historia

Riksarkivet kan takke Thomas Neumann si dotter, Tonny Neumann, for det sensasjonelle materialet dei har fått tak i.

Men til og med ho veit lite om kva som skjedde med faren hennar før ho vart fødd.

– Far var 50 år då eg vart fødd, så han hadde eit halvt liv bak seg. Han fortalde lite frå den perioden av livet sitt, seier Tonny Neumann.

– Han var student i Tyskland og vart påverka av ideologien til Hitler. Men under krigen gjekk han over til motstandsrørsla. Eg høyrde lite om dette i oppveksten, eg trur far var redd for korleis det kunne påverke meg, seier ho.

Redda livet med tyskkunnskap

– Eg har fått høyre frå mor mi at det var tyskkunnskapane som redda far på Grini. Tyskarane kunne bruke han som tolk og dermed vart han ikkje sendt til Tyskland, seier Neumann.

Under ein flyttesjau i 2007 kom Tonny over dokumenta og bileta, og ho fann ut at dette måtte vere noko Riksarkivet var interessert i.

– Eg skulle gjerne ha visst meir. Det er veldig hyggjeleg at det har blitt ei utstilling. Det er spanande å ta del i historia til far som eg ikkje veit så mykje om, seier ho.

(Saka held fram under biletet)

Thomas Neumann
Foto: Thomas Neumann

Mellomkrigstida i fargar

Gjennom utstillinga får Tonny og andre med ho sjå verda gjennom Thomas Neumann si linse.

Våren 1937 reiste han til Berlin og fekk tak i ein fototeknisk nyvinning, ein filmtype kalla Agfa Color Neu.

Med sitt Leica-kamera gjekk han ut i gatene og fotograferte.

Thomas Neumann
Foto: Thomas Neumann

Bileta frå Berlin viser ein festkledd by som ventar på Hitler i høve 1. mai og 700-årsjubileet til Berlin. Men det er også kvardagsbilete frå gatehjørne og folkeliv.

Neumann tok filmen med tilbake til Norge, der han foreviga private minne frå sommaren 1937.

– Frå vaiande hakekorsflagg og maistong i Berlin til seglbåtar og skiturar i Noreg; me får eit unikt fargelagt bilete av mellomkrigstida, seier Bård Alsvik, leiar av Riksarkivet sin formidlingsseksjon.

Du kan sjå utstillinga i Riksarkivbygningen 31. mai–21. september 2012, og inngangen er gratis.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska