VISER FRAM PLANANE: Sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).
Foto: NRKBergen kommune viser i dag fram korleis dei ser for seg at Nygårdsparken kan bli om nokre år. I slutten av august stengjer kommunen parken for å pussa den opp. Samstundes kastar dei ut ei av Nord-Europas største russcener.
– Det er heilt uaktuelt at miljøet kjem attende etter at opprustinga er ferdig, sa sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) då dei lanserte stenginga i september i haust.
Utsiktstårn og kafé
Og i dag presenterer Bergen kommune kva planar dei har for den «nye»Nygårdsparken. På oppdrag frå kommunen har landskapsarkitektar undersøkt muligheitene parken gir. Målet er å gjera parken meir attraktiv for heile Bergens befolkning.
- LES OGSÅ: | |
Resultatet av undersøkinga syner at dei har store planar for korleis ein kan gje heile parken nytt liv. Det inkluderer den øvre delen som i mange år har vore okkupert av tunge rusmisbrukarar.
Her føreslår dei mellom anna å byggja eit spenstig utsiktstårn på det høgste punktet i parken. Ein ny stor leikeplass vil også bli bygd, slik at familiar og barn kan ta i bruk parken. Kommunen ser også for seg ein paviljong med ein liten kafé med stor uteplass.
Artikkelen held fram under biletet
ØVRE DEL: Kart over korleis ein ser for seg øvre del av Nygårdsparken.
Foto: Smevig LandskapsarkitekterFlyttar inngang
Til stades på presentasjonen var også representantar frå Universitetet i Bergen. Dei har fleire bygg som ligg kloss i parken.
Eit av dei er realfagsbygget. No ønskjer UiB og kommunen å flytta inngangen frå Allègaten til baksida av bygget, mot Nygårdsparken.
Kommunen opplyser at mange bergensarar har kome med idear til kva som bør gjerast i Nygårdsparken, og seier at dei vil halda fram med å invitera til fleire innspel i prosessen vidare.
Opprettar MO-senter
Til stenginga i august har kommunen gjort klart eit program med sju punkt. Mottaks- og oppfølgingssenter (MO) på Nesttun og Wergeland har av mange vore rekna for å vera viktig for å ta hand om dei narkomane som ikkje lenger kan vera i parken.
Planane har møtt motstand frå dei som bur i nærleiken av dei komande MO-sentera.
- LES OGSÅ: