Hopp til innhold

Byrådet stengjer narkoparken

Byrådet i Bergen skal pusse opp Nygårdsparken, og kastar dermed ut ein av dei største, opne russcenene i Nord-Europa.

Politiet i Nygårdsparken

OPENT MARKNAD: Nygårdsparken har vorte staden for narkohandel i Bergen sidan 70-talet. Politi i parken er ikkje eit uvanleg syn.

Foto: Jan Inge Ebbesvik / NRK

På ein pressekonferanse klokka 13.00 vart det kjend at byrådet skal pussa opp øvre del av Nygårdsparken i Bergen neste sommar. Byrådet karakteriserer prosjektet som ein total opprusting av området.

Nygårdsparken har ord på seg for å vera Nord-Europas største og mest openlyse arena for kjøp og sal av narkotika. Frå juli av blir den øvre delen av parken fysisk stengt i ein «betydeleg periode.»

Personane som er tilknytt miljøet vert difor pressa ut av parken.

Er ikkje ønska i parken meir

Dag Inge Ulstein

BYRÅD: Dag Inge Ulstein.

Foto: NRK

Den ærverdige parken i sentrum av Bergen har i fleire tiår vore kjend for openlyst narkosal, nattestøy og grov valdskriminalitet. Ifølgje naboane har miljøet i Nygårdsparken vorte røffare dei siste månadane.

Under opprustinga skal det mellom anna settast opp leikeapparat i parken.

– Det er heilt uaktuelt at miljøet kjem attende etter at opprustinga er ferdig, seier byråd Dag Inge Ulstein (KrF) til NRK.no.

– Kva tykkjer politiet om planane?

– Vi har sjølvsagt hatt kontakt med dei. Dei er orientert om adressene for dei nye bydelssentra. Slik eg oppfattar det er dei udelt positive til det vi kjem med.

Nye bydelssenter

På spørsmål om kvar dei narkomane då skal opphalde seg, svarar Ulstein med at ein har fått ein ny regjering som skal satse på fleire behandlingsplassar.

På pressekonferansen kunne Ulstein også avsløra kvar dei nye mottaks- og oppfølgingssentra i Årstad og Fana bydel skal liggja.

Bydelssentera vil ligga i Wollert Konows plass 4 i Fana, og i Storetveitveien 5 i Årstad bydel.

Dei skal opna 1. juli 2014, samstundes som arbeidet i Nygårdsparken tek til.

– Nøydde til å gjere noko

Ulstein peika på at tala på brukarar i Nygårdsparken har gått ned.

– Nesten halvparten sidan 2010. Men talet på seljarar har gått kraftig opp. Vi er nøydde til å gjere noko med den situasjonen, slår byråden fast.

Nygårdsparken

MÅ VEKK: No skal øvre del pussast opp, og personane som er tilknytt miljøet vert kasta ut.

Foto: NRK

Opposisjonen rasar

Oddny Miljeteig (SV)

RASAR: Oddny Miljeteig (SV) er lite nøgd med løysinga til byrådet.

Foto: NRK

Oddny Miljeteig frå Sosialistisk Venstreparti er nærast i harnisk over forslaget frå byrådet.

– Eg er mållaus over kynismen som byrådet legg for dagen. Me veit alle at det ikkje berre er å kaste eit miljø utor parken. Eg trur dei vil dekka over at ein med 10 års Monica Mæland-byråd ikkje har klart å gjera noko som helst for rusmiljøet i Nygårdsparken, tordnar ho til NRK.no.

Ho peikar på at det ikkje finst noko tilbod for å hjelpa dei narkomane i sentrum av Bergen, etter at Strax-huset vart flytta til Laksevåg. Ho meiner det er sprøyterom og brukarrom som skal til.

– Det kunne ha vore det som fullende eit straks-tilbod i bykjernen. No kjem heilt sikkert deler av miljøet til å flytta seg ned til Bystasjonen. Då vil unge hamne rett i fanget på eit mykje tøffare miljøet, hevdar Miljeteig.

– Meir trykk på sentrum

«Kristian» er rusmisbrukar og kjenner godt til miljøet i parken. Han er heller ikkje positiv til planane frå byrådet.

– Det vil føre til ein spreiing rundt i sentrum. Belasta område som Korskirken og Bystasjonen vil få enno meir trykk, seier han og ynskjer å vera anonym.

Han forstår at kommunen ynskjer å gjera noko med situasjonen i parken.

– Men eg syns dei burde ha ei betre løysing, som foreksempel ordne med sprøyterom. Dei vil kanskje klare å stoppe det her, men problemet vil flytta seg, spår «Kristian» som legg til at han før 1. juli neste år håpar å ha kome i behandling.

Naboane positive

– Vår umiddelbare reaksjon er positiv. Vi har sett med bekymring på forfallet i Nygårdsparken i ei årrekkje no, seier Svein Ove Bjørnestad i Nygårdsparken Venner.

Velforeningen har lenge jobba for eit tryggare bumiljø for dei som bur i området rundt parken.

– Når det er sagt, så har vi hatt lovnadar tidlegare. No er situasjonen er verre enn nokon gong.