Hopp til innhold

Minst 35 gras- og skogbrannar på under ei veke i Hordaland

Med storbrannen på Lyderhorn har det vore minst 35 gras-, lyng- og skogbrannar i Hordaland på berre fem dagar.

Brann fleire plassar på Lyderhorn

STORBRANN: Først like før klokka 22 fekk brannmannskapa kontroll på storbrannen i fjellsidene på Lyderhorn fredag.

Foto: Ove-André Hanssen-Johannessen

Anna Reistad

TØRT LENGE: Det kan ta ei veke før regnet kjem, seier statsmeteorolog Anna Reistad ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Etter ei rekke brannar berre fredag har brannmannskapa i Hordaland hatt ei svært travel arbeidsveke. På berre fem dagar er det meld om minst 35 brannar på ulike plassar i fylket.

– Folk må vera veldig forsiktige, og ikkje brenna noko som helst. Det er så tørt no, seier meteorolog Anna Reigstad ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Berre sidan måndag denne veka hadde 110-sentralen i Bergen i løpet av fredagen registrert 34 brannar i Hordaland politidistrikt. I tillegg var det torsdag ein brann ved Vistvik i Fitjar som sorterer under Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Branner i gress, kratt og skog siden mandag

Kommune

Brann i gress og kratt

Brann i skog


Kjelder: Alarmsentralen i Hordaland / NRK.

Bergen

8

1

Askøy

4

1

Kvinnherad

4

 

Austevoll

3

 

Radøy

3

 

Lindås

2

 

Sund

2

 

Fjell

1

 

Osterøy

1

 

Tysnes

1

 

Øygarden

1

 

Os

1

 

Fusa

1

 

Fitjar

1*

 

Ekspander/minimer faktaboks

Fem brannar på kort tid

Gressbrann på Angeltveit i Fjell

BRANN I SEKS TIMAR: Gras- og lyngbrannen på Angeltveit i Fjell vart sløkt ved 17.30-tida fredag ettermiddag.

Foto: Knut Magne Eide

Fredag vart ein uvanleg travel dag. Før den kraftige brannen på Lyderhorn Bergen braut det ut gras- og lyngbrannar i Strandvik i Fusa, på Angeltveit i Fjell kommune. I Austevoll kommune truga ein brann ei hytte ved Stolmen, og ni brannmannskapar jobba for å halde flammane unna.

Klokka 17.02 melde politiet om at det òg brann i gras- og lyng i Hegglandsdalen i Os kommune.

Alle brannane, utanom brannen på Lyderhorn, vart sløkte i løpet av ettermiddagen og kvelden fredag.

Brann på Stolmen i Austevoll

KAMP MOT FLAMMANE: På Stolmen i Austevoll kjempa brannmannskapa for å berga ei hytte fredag ettermiddag.

Foto: Marius Løbø Fimland/Marsteinen

Naust tok fyr

På Angeltveit i fjell fekk brannmannskapa kontroll på flammane ved 17.30-tida, etter seks timars iherdig innsats.

Eit naust skal ha tatt fyr i brannen.

Sivilforsvaret går brannvakt i området, noko dei vil halda fram med utover kvelden.


Tørt lenge

Det har vore fint og tørt vêr lenge på Vestlandet. Ifølgje Reistad skal det ikkje komma regn før neste fredag. Det vil med andre ord vera tørt og stor brannfare lenge.

– Det ligg ein høgtrykksrygg over oss no, og den vert liggande ei stund. Det er òg litt vind, så folk må vera veldig forsiktige med open eld, seier meteorologen.

Politiet ber om at folk er forsiktige.

– Om dei må brenna bråte, må dei ha naudsynt sløkkjeutstyr tilgjengeleg. Dersom brannen kjem ut av kontroll, spreier det seg raskt, seier operasjonsleiar Jan Steimler i Hordaland politidistrikt.

Ei rekkje kommunar i Hordaland har lagt ned forbod mot bruk av open eld ute i naturen.

Det brant fredag kraftig på Lyderhorn i Bergen.

VIDEO: Røyken frå brannen på Lyderhorn var synleg i store delar av Bergen.