Hopp til innhold

Markerte byggestart for etterlengta bru

Betre seint enn aldri. Om litt over eitt år kan du endeleg ta deg over Damsgårdsundet i Bergen på ei heilt ny bru.

Den nye gang- og sykkelbrua Småpudden vil minske avstanden frå Løvstakksiden til Bergen sentrum betrakteleg. Brua har hydrauliske klaffer som kan opnast om høge båtar skal passera.

SMÅPUDDEN BRO: Nokre år for seint, men no kan endeleg bygginga av Småpudden over Damsgårdsundet i Bergen byrja. Byutviklingsbyråd Henning Warloe og sosialbyråd Eiler Macody Lund avduka grunnsteinen for brua.

Småpudden bro i Bergen, skisse

NY BRU: Småpudden kryssar Damsgårdssundet og vil gjera vegen frå Løvstakksiden til Møhlenpris betrakteleg kortare enn den er i dag.

Foto: Rambøll AS / Skisse

Byutviklingsbyråd Henning Warloe (H) og sosialbyråd Eiler Macody Lund (Frp) markerte byggestarten for nye Småpudden bru med å avduke grunnsteinen til brua.

Solheimsviken har dei siste åra vore i ein rivande utvikling, og gamle falleferdig bygg er blitt fjerna til fordel for nye bustadblokker og næringsbygg.

Den nye gang- og sykkelbrua som kortar ned avstanden til sentrum betrakteleg, er ein av dei siste bitane i puslespelet.

– Denne brua kjem til å binde saman dette nye området med Bergen sentrum på ein god og moderne måte, seier byutviklingsbyråd Henning Warloe til NRK og ser utover Solheimsviken.

Gler seg til ny bru

I området blir det bygd 1200 nye bustadar, mange av dei er allereie ferdig. Det er også mange som har fått Solheimsviken som ny arbeidsplass.

Våren 2016 skal den 154 meter lange brua stå klar til bruk. Bebuarane på Løvstakksiden gler seg.

– Det skapar ein stoltheit for oss som bur på denne sida av sundet. Du kan vere sikker på at eg kjem til bruke brua dagleg, eg skal bli pensjonist her, smiler Helge Unneland.

Nurket Klem seier det blir heilt fantastisk med ein ny snarveg til sentrum.

– Det er ikkje så koseleg å gå over Puddefjordsbroen eller å gå over Danmarksplass. Her får vi gå over frå eit fint område til eit like fint område på andre sida. Vegen til kaffibarane på Møhlenpris blir kort, smiler ho.

Bebuarane på Løvstakksida i Bergen er glad for at dei snart kan få ein ny snarveg til sentrum.

Kraftig forseinka

På Løvstakksiden vil brua få feste ved Damsgårdsveien 57. Frå der brettar den seg over sundet og går i land mellom nye BI og VilVite-senteret. Brua vil få ei bredd på mellom seks og sju meter.

Om høge båtar skal passera inst i Puddefjorden, må brua opnast. Den har hydrauliske klaffar på begge sider, og når dei er opne vil breidda på seglingsleden vera 20 meter. Båtar med høgd mellom fire og fem meter kan passera fritt over.

Bygginga av brua er kraftig forseinka med fleire år. Henning Warloe seier det er juridiske konfliktar som har hindra bygginga.

– Det har tatt fleire år enn forventa. Det skuldast i første rekke problem med å få tilgang til grunnen her på Løvstakksida, samstundes som vi har forhandla med ulike private grunneigarar, forklarer byråden.

Småpudden i Bergen