Hopp til innhold

Redningsaksjon på Tysnes avslutta

Redningsdykkarar blei sendt med luftambulanse til Gjerstadneset på Tysnes etter melding om mogleg drukning. Like før klokka 12.00 vart mannen funnet i god behold.

gjerstadneset

Det var på Gjerstadneset på Tysnet at naudetatane rykka ut etter melding om mogleg drukning.

– Me fekk melding klokka 11.25 om at nokon har funnet fiskeutstyr, sko og ei klokke på land ved hamna i Gjestadneset på Tysnes, seier Preben Wallestad i politiet til NRK.

Politi, ambulanse og dykkarar frå brannvesenet rykka ut, men like før klokka 12.00 vart personen funnen i god behold.

– Det var ein person som bur like i nærleiken som varsla oss. Meldaren skal ha vore bekymra for ein annan person og varsla oss, seier Wallestad.

– Mannen hadde vore å fiska, og hadde sklidd ut i vatnet. Difor hadde han lagt frå seg eigedelane sine. Han var heldigivs i god behold, seier Morten Kronen i politiet.