Hopp til innhold

Rasar mot nedlegging – foreslår bankbuss

– Nedlegging er fullstendig meiningslaust, seier tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik etter at Sparebanken Vest i går meldte om massiv nedlegging på Vestlandet. No krev han bankbussen tilbake som erstatning.

Bankbussen til Luster Sparebank

VELKOMEN TILBAKE TIL VEGEN? Dette biletet er frå Noregs aller siste bankbuss på sin siste reis langs vestlandskysten. No vil tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik ha den gamle travaren tilbake på vegane.

Det var tysdag Sparebanken Vest melde at dei vil kutta ned på bankfilialane sine på Vestlandet, frå dagens 53 til 44.

Blant bankkontora som skal vekk, er Skånevik. Det mislikar Hans Olav Tungesvik, tidlegare stortingsrepresentant, no medlem i Statens Seniorråd, kraftig.

– Det som skjer no, er at me ser ut til å mista eit heilt avgjerande, viktig sørvistilbod i mange lokalsamfunn. Blant anna her i Skånevik.

Tre kontor alt vedtatt fjerna

Hans Olav Tungesvik

RASAR MOT SPAREBANKEN VEST: – Dette er ei alvorleg krise, og dersom Sparebanken Vest gjer alvor av planane, er det fullstendig meiningslaust.

Foto: Noregs Mållag

Dei ni kontora som er føreslått avvikla er Sletten, Sveio, Sæbøvik, Skånevik, Frekhaug, Rong, Ulvik, Eidfjord og Jondal.

Skånevik er òg blant dei tre som alt er vedtatt fjerna. Men Tungesvik har ikkje tenkt å gje seg utan kamp.

– Det er fullstendig meiningslaust. For nokre år sidan var banken ein sørvisytar, ikkje berre ein pengemaskin. Det me treng no er alternative tiltak dersom Sparebanken Vest faktisk går til så drastiske skritt – sjølv om eg håpar dei vil ombestemma seg.

Ser ikkje bort frå oppseiingar

Hallgeir Isdahl er konserndirektør for personkundemarknaden i Sparebanken Vest. Han seier i ei pressemelding at banken må ta inn over seg at digital bank for mange kundar har teke over for eit besøk til filialen.

– Me må erkjenna at me ikkje står føre eit digitalt paradigmeskifte, me står faktisk midt oppe i det.

I tillegg til nedleggingane, vil banken kutta verksemda med inntil 55 årsverk. Han kan ikkje utelukka oppseiingar.

Ei alvorleg krise

Til lokalavisa Grannar seier Tungesvik òg at nedleggjgina i Skånevik først og fremst vil råka dei eldre.

– Tidlegare hadde me jo bankbussen, med base i Skånevik, som derfrå reiste frå utaker til Matre, Åkra og så vidare. Det var eit glimrande tilbod, og trengst som ei løysing på ei så alvorleg krise som dette.

SJÅ VIDEO FRÅ ALLER SISTE REIS MED BANKBUSSEN HER:

Video Siste dag med bankbuss

SISTE TUR: NRK var med då landets aller siste bankbuss tok sin siste tur i Luster i Sogn og Fjordane.

– Vanskeleg med kontantar i bussen

Jan Erik Kjerpeseth

VIL VURDERE BANKBUSS: Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest seier ein eventuell bankbuss ikkje kan ha kontantar.

Foto: Sparebanken Vest

Administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest takkar for innspelet frå Tungesvik.

– Vi er opptekne av å kome i ein god dialog med kundane våre for å sjå korleis vi kan betene dei sjølv om vi ikkje har filial så nært, seier Kjerpeseth.

Han ser likevel ei utfordring med bankbussframlegget.

– Når det gjeld bankbuss, så skal vi vurdere det også. I dagens samfunn vil det nok vere utfordrande å køyre rundt med ein buss med kontantar. Men vi vil vurdere alle gode framlegg, og er opptekne av å kome i dialog med alle som har eit engasjement kring banken, seier Kjerpeseth.